<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

Fullstendig overgang til NorFor

-Øker effekten av kraftfôret

Fôrplanane til dei fleste norske mjølkebønder settast opp i NorFor (OptiFôr), dermed tilpassar vi produksjonen av vårt kraftfôr. Vi rangerer no råvarene våre etter dei viktigaste næringsverdiane i dette unike nordiske systemet laga for å få meir effektive rasjonar til mjølkeku.

I fjor moderniserte vi proteindelen og innførte krav til AAT20 og PBV20 til alt kraftfôr til drøvtyggarar. No har vi teke for oss energidelen, og er først ut i Norge med å innføre krav til NEL20 i kraftfôret. Der-med tar vi farvel med det gamle og umoderne AAT/PBV/FEm-systemet frå 1993, og går heilt og fullt for NorFor. Resultatet er eit lønsamt kraftfôr tilpassa bondens behov.

2 (6)

NY KUNNSKAP

Energi i NorFor målast i megajoule (MJ), og energitypen kallast ”Netto-Energi Laktasjon” (NEL).

Også FEm-systemet frå 1993 er basert på NEL, men tek ikkje omsyn til ny kunnskap om råvarene brukt i kraftfôr eller fôrrasjonane sin samansetning og størrelse. For det er stor skilnad på energiinnhaldet i kraftfôrråvarene og grovfôr om dei gjerast til ei gjeldku kontra ei som mjølkar t.d. 35 liter pr dag.

 

Opphaldstida av fôret i vomma er nemleg veldig forskjellig her. Fôret til den høgtytande kua har så kort opphaldstid at ein får ut mindre av energien i fôret - med mindre nedbrytingshastigheita av næringsstoffa er rask. Mais og durra brytast langsamt ned i vomma, og er gode dømer på råvarer som får ein lågare energiverdi, medan kveite, erter og soyamjøl får ein auka energiverdi. Sjå figur 1 og 2 for typisk energiinnhald før og no.

uten-navn-1 (1)

Figur 1. Samanlikning av energi i nytt og gammalt system. Bygg settast til den relative energiver-dien 100.

Figur 2. Samanlikning av energi i nytt og gammalt system. Bygg settast til den relative energiver-dien 100.

 

OPTIMALE RESEPTAR

I Fiskå Mølle siktar vi oss inn på ei ku som mjølkar 30-35 kg pr dag, og som tek opp 20 kg tørrstoff pr dag (derfor 20-talet i NEL20, AAT20 og PBV20.), og som får 50 % kraftfôr i rasjonen. Vi kan no rangere råvarene rettare, og får dermed meir optimale reseptar til mjølkekyr i høg produksjon. Planlagde energi- og proteinverdiar i drøvtyggarfôret til Fiskå Mølle finn du ved å sjå på sortiment som følger med bladet.

 

ENERGI I GROVFÔR

Utviklingstrinnet i graset har, som før, stor betydning for energiinnhaldet. Tidleg hausta gras har høg fordøyelegheit og dermed høg potensiell energiverdi, medan seint hausta gras har låg fordøyelegheit og dermed låg potensiell energiverdi. Dømer på energiverdiar målt i NEL20 er vist i tabell 1.

 

Fleire norske forsøk har vist at tørrstoffopptaket går opp med tidlegare haustetidspunkt. Når samtidig energikonsentrasjonen i tørrstoffet går opp, så vil det å starte slåtten tidlegare kunne auke dagleg energiopptak ein heil del. Den spesifikke nordiske kunnskapen om desse samanhengane er programmert inn i OptiFôr, og blir brukt når ein set opp fôrplanar basert på dine surfôranalyser og Fiskå Mølle sitt kraftfôr.

1 (5) 

PRIS PR MJ

Når ein skal vurdere prisen på ulike kraftfôrslag er det langt betre å samanlikne pris pr MJ enn pris pr FEm fordi sistnemnde ikkje gir eit godt nok bilde av energiverdien. Spør oss gjerne om pris pr MJ på våre kraftfôr.

 

SLIK REKNAR DU PRIS

Pris pr MJ er også svært viktig når det gjeld kjøp/sal av rundballar. Her må ein legge til grunn ein grov-fôranalyse, samt vekta på rundballane.

Slik reknar du ut pris pr MJ når rundballen kostar 500 kr og veg 800 kg.

Analysebevis: 25% tørrstoff (TS) og 6,20 MJ pr kg TS.

Du reknar:

800 kg x 0,25 (TS) x 6,20 MJ = 1240 MJ

Pris pr MJ = 500 kr / 1240 MJ = 0,40 kr pr MJ = 40 øre pr MJ.

Vurder så gjæringskvaliteten og prisen i forhold til alternativt kjøp av kraftfôr.

Nemninga «NEL20» på grovfôranalysen din viser at energiinnhaldet (MJ) er basert på Nor-For-verdiar. Både Eurofins og Blgg gjev opp NorFor-verdiar på sine analysebevis.

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.