<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

6 TIPS TIL FÔRING AV KALV

Basert på informasjonshefte frå Storfehelsetjenesten

 

1 NOK RÅMJØLK

Når kalven vert fødd har han ingen immunforsvar i det heile. For å sikre tilføring av immunstoff til kalven er rask og korrekt tildeling av råmjølk avgjerande. Immunstoff er ulike protein som finst i råmjølka og som hjelper kalven til å verte meir motstandsdyktig mot ulike former for patogen og dermed byggje opp sitt eige immunforsvar. Råmjølk bør tildelast så fort som mogeleg, og helst innan 2 timar etter kalving.

 

Minstemengda skal tilpassast til kalven sin storleik, og ein reknar at løpen kan ta ca 8,5% av kroppsvekta. Vil kalven ha meir enn dette kan han gjerne få det. Utover første mjølkefôring bør kalven få 3-4 liter i løpet av det første døgnet. For kalvar som ikkje vil drikke bør ein ha liggjande ein sonde. Råmjølka bør helst vere av ein viss kvalitet (>50 IgG/liter), og dette kan målast ved hjelp av eit kolostrometer eller eit refraktometer.

4 (9)

2 MJØLK AV GOD KVALITET

Den første perioden etter råmjølksperioden bør kalven få heilmjølk av god kvalitet, altså ikkje mastittmjølk og/eller mjølk som inneheld antibiotika. Mjølka kan gjerne syrnast for å auke lagringsstabiliteten og for å skape eit gunstig miljø i magen til kalven. Mjølkeerstatningar er vanlegvis laga av mysepulver, skummamjølkpulver, vegetabilske oljer, animalsk feitt og vegetabilsk protein. Skummamjølkpulver har ein aminosyresamansetnad som er betre eigna spesielt for dei yngste kalvane enn vegetabilsk protein, i tillegg til at det koagulerer betre i løypen som gjer ein auka kjensle av mettheit. Fiskå Mølle forhandlar tre ulike typar mjølkeerstatning; Denkamilk Kalvedrikk som er basert på spraytørka

mysepulver og har eit høgt innhald av råprotein, Denkamilk Royal som også er proteinrik men inneheld i tillegg 40% skummamjølkspulver, og Denkamilk Classic som er spesielt tilpassa kalvefôringsautomatar og difor tåler lagring utan omrøring i 24 timar.

 

Anten ein gjer mjølkeerstatning eller heilmjølk bør ein fôre kalvane mjølk med smokk. Årsaka til dette er at sannsynet for at mjølka havnar i formagane er mindre, kalven får tilfredsstilt sitt sugebehov, samt at ein kan gje større mengder mjølk fordi det tek lengre tid for kalven å drikke.

2 (8)

3 TIDLEG KRAFTFÔRTILDELING

Kalven skal, i tillegg til mjølkefôringa, ha tilgjenge til både kraftfôr, grovfôr og vatn frå første leveveke. Kraftfôr til kalv er samansett slik at drøvtyggjarfunksjonen vert stimulert. Kraftfôret fører òg til at innsida av vomma utviklar ruglete utposingar, papillar, som aukar absorpsjonen av næringsstoff. Det vil seie at dess fortare kalven får i seg kraftfôr, dess fortare kan han ete og utnytte grovfôret. Fiskå Mølle fører kraftfôret TopKalv som er tilpassa kalven sine ernæringsmessige behov og har god smak for større opptak. Kalven bør ha fritt tilgjenge til kalvekraftfôr fram til han et om lag 2 kg/dag. 

4 GROVFÔR AV GOD KVALITET

Òg grovfôr er viktig for å utvikle drøvtyggjarfunksjonen og vomma til kalven. Grovfôr har eit større volum enn kraftfôr, og fører dermed til auka storleik på vomma, som igjen gjer eit større potensielt fôropptak. Grovfôret stimulerer òg muskulatur og samantrekningar i vomma, som er viktig for ein velfungerande drøvtyggjar. Det er viktig  at grovfôret er av god kvalitet, så gje gjerne kalven surfôr med god gjæringskvalitet eller fint høy.

3 (8)

5 REINT VATN

For at kalvane skal utnytte kalvekraftfôret dei får og det gode grovfôret du gjer dei, er det heilt avgjerande av dei i tillegg har reint vatn. For lågt opptak av vatn gjer redusert fôropptak og reduserer kalven sin motstandskraft mot sjukdom. I tillegg er vatn viktig for utvikling av den ynskja bakteriefloraen i vomma. Kalven skal ha reint vatn tilgjengeleg heile tida, og om ein tildeler vatn manuelt i bøtte eller kar må ein skifte ut vatnet kvar dag.

1 (7)

6 REIN OG TØRR OPPSTALLING

Ein kan gjere alle dei føregåande punkta heilt rett og likevel ikkje lukkast om ikkje miljøet til kalven er tilstrekkjeleg bra. Eit reint og tørt miljø er første bud, då kalven må nytte meir energi til å oppretthalde kroppstemperatur og å motkjempe infeksjonar om han står blautt og skittent. Dette er energi som elles kunne ha vore nytta til vekst. Er det fuktig og skittent vil i tillegg kalven ofte vegre seg for å leggje seg ned, noko som kan forstyrre drøvtyggjingsmønsteret. Luftkvalitet er òg ein viktig faktor i oppstallingsmiljøet for kalv. Nok romvolum og luftutskifting er utruleg viktig for å halde mengda smittestoff på eit akseptabelt nivå, det same gjeld luftfuktigheit. Dersom ein klarer å oppfylle krava til miljø for kalven har ein gode føresetnadar for at kalven kan utnytte fôret han vert tilbydd til vekst og trivsel.

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.