<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

Norges mest høgtytande mjølkebesetning om fôring, avl og helse

Frode Lynum frå Skogn i Nord Trøndelag troner toppen av lista over dei mest høgtytande besetningane i Norge* for tredje året på rad. Sjølv meiner han TopLac Høg kombinert med godt fullfôr er hovudforklaringa til kvifor han har oppnådd så høg mjølkeyting kombinert med god dyrehelse.     

 

«TopLac Høg er utan tvil det beste fôret vi har prøvd i roboten. Kyrne et den veldig godt, og pelletskvaliteten har vore kjempegod.»

-Frode Lynum, Skogn

Solskinet stråler inn over tunet til «Lynum Nordre» der Frode Lynum og dottera Kirsten Lynum driv Norges mest høgtytande mjølkebesetning. Bygningane på garden ligg oppe på eit vakkert høgdedrag. Herifrå er det godt utsyn til ein mengde grøne storgardar som spreier seg utover den trønderske jordbruksbygda.

-Vi har fylt kvoten og vel så det i fleire år no. Årets kvote er no blitt justert ned samtidig som ytinga per årsku er framleis aukande. Så i år prøver vi å halde oss under 80 årskyr, seier den genuint interesserte bonden.

 

AVL OG FRUKTBARHEIT

-Vi har heile tida sagt at viss du ikkje prøver noko nytt, så finn du ikkje ut noko nytt heller, hevdar Lynum med stor entusiasme.

Det er tydelig at endringsviljen er stor hos mjølkebonden, som meinar nøkkelen ligg i å heile tida identifisere områder med forbetringspotensiale, og seier at de arbeider systematisk med både avl, fôring og miljø.

-Innan avl leitar vi alltid etter dei beste oksane. Vi har spesiell fokus på fett, protein og jur, fortel Lynum som har satsa på Holstein sidan 2002, men avslører at dei no har begynt å spekulere i rasen «Viking Raud».

-Vi har heile tida vore fokuserte på å unngå oksar med sære problemeigenskapar.

Dersom ein okse med høg avlsverdi gir døtrer med framtunge jur eller svak fruktbarheit, så vil ein slite med dette problemet i mange år framover. Då får du «ingenting» å avle på vidare i eiga besetning. Så uansett kor god denne oksen er på andre områder, så brukar vi den ikkje, forklarer mjølkebonden. 

 

img_5409 

 

FINSNITTA GROVFÔR

Lynum fortel at det aller meste av grasarealet ligg temmeleg nær, og graset leggast i plansilo. Berre det som er lengst unna pakkast i rundball, og då berre frå den eine slåtten. Frå den andre slåtten lagar dei høy. Iallfall om forholda er til stades.

- Til såfrø brukast grasfrøblanding med 70% timotei, 20% engsvingel og 10% kløver. Graset på førsteslåtten haustast når skytinga så vidt har teke til. Men med andreslåtten har vi aldri hatt problem med at den blir for berrik, så her er haustevindauget mykje større. Tidlegare tok vi tre slåttar, men det har vi kutta ut no. Det blir oftast for blautt og for dårleg smak på tredjeslåtten. Då blir den ikkje så interessant som kufôr, slår Lynum fast.

Til slått brukar dei «butterfly» skiveslåmaskiner, som gir god kapasitet. Lynum meinar den fungerer godt også under brattlendte forhold. Det går raskt unna, noko som gjer at dei på ein effektiv måte når målsetninga om ca. 35% tørrstoff i graset. 30% tørrstoff er litt for blautt, og 47-48% er for tørt, hevdar den erfarne mjølkebonden.

-Til slutt køyrast samleriva før graset snittast med sjølvgåande finsnittar, forklarer Lynum som meinar at finsnitta gras (3-4 cm) gir heilt klart betre kvalitet i siloen. Det pakkar seg veldig godt. Slik får ein vesentleg større mengde fôr innlagt. I tillegg trur han at kyrne et meir surfôr når det er finsnitta.

Kombinert med 2 hengarar som køyrer inn gras så går det fort unna, syns far og dotter som poengterer at hausteutstyret er viktig for å få god grovfôrkvalitet. No har vi moglegheit til å få alt graset i hus på to dagar. Då blir sjansane for å kunne ta slåtten i godt vêr mykje større, det er av stor verdi, smiler Frode.

-Så vi får ikkje gjort det meir kostbart enn dette, flirer Frode. Men legg raskt til at dei får det heller ikkje noko betre heller.

 

NØYE KALVEFÔRING

Det er damene på bruket som står for kalvefôringa. Kirsten Lynum seier det vanlegvis blir meir råmjølk enn kalven treng, så mjølka frå dei to første dagane held gjerne tre-fire døgn. Resten av råmjølka fordelast på alle kalvane.

Heilmjølka surnast kjemisk med syre. Med overfylt mjølkekvote har dei rikeleg surmjølk å by på. Dei får vel 2 liter per mål, 3 gongar dagleg til dei er 3-4 månader. Dei fôrar med «mjølketaxi» som forvarmar mjølka til rett temperatur. Kalvane får mykje høy, og har fri tilgang på vatn og «TopLac Høg» (21-22% råprotein).

-Avvenninga med mjølk er hard og kontant. Kalvane yttast over i avdelinga for eldre kalvar (4 – 8 månader), der dei berre får fri tilgang til «kumiksen» (fullfôrmiksen til mjølkekyr), samt vatn. Det blir noko rauting i starten, men det går fort over. Det er sikkert ikkje heilt etter boka, men vi trur dei veks godt, ler Lynum.

Kvigene får deretter ein eigen fullfôrmiks, ein «kvigemiks». Den består av 93-94% surfôr og 6-7% snitta halm, pluss vitamin/mineral (Premium KornKross). Denne får dei som einaste fôr nesten fram til dei skal kalve (alder 8 – 23 månader).

-Tanken med å gje kvigene kutta halm i oppdrettet er at dei skal få eit stort vom-volum,

då vil dei ha større opptakskapasitet når dei kalvar, fortel Frode som har målsetning om at kyrne skal vere 24-26 månader ved kalving.

Dei brukar eigen halmkuttar før halmen leggast i fullfôrvogna. Skal ein berre kutte halmen i fullfôrvogna så går det altfor lang tid, og resultatet kan bli «mosa halm» framfor «kutta halm». Det gir ein viktig strukturforskjell, poengterer Frode.

 

img_5540 

 

FÔRING MED FULLFÔR

Bruket har 2 stasjonære fullfôrmiksarar, men totalt 3 fullfôrrasjonar blandast.

-Vanlegvis har førsteslåtten best kvalitet. Mjølkekyrne får ein høgare del av det beste surfôret i grunnblandinga, mens kvigene får mykje andreslått i sin miks, forklarer han.

Samansetninga av miksen til mjølkekyrne varierer ein del over tid, men inneheld Melketopp Høg, brød (frå bakeria) og oftast ein del snitta halm i tillegg til vitamin og mineral. Mengda brød er ca. halvparten av Melketopp mengda. Han er usikker på om brød har negativ påverknad på fett-% i mjølka, men trur fortsatt det løner seg ettersom brød er ein rimelig fôrvare.

Gjeldkyrne får ein eigen energifattig miks med ca 40% snitta halm. Her ser dei helst at 2. slått surfôr blandast inn saman med vitamin/mineralblanding.

Utanom at dei held seg til 8% brød (ca 3 kg per ku per dag), held Lynum familien korta litt tettare til brystet når det gjeld kumiksen. Nokre hemmelegheiter vil dei ha for seg sjølv, men understrekar:

-Miksen må vere rett samansett, det er kjempeviktig. Også må den vere lik kvar dag. Elles er det berre å prøve seg fram seier han med eit stort smil.

 

IMPONERT OVER KRAFTFÔRET

-TopLac Høg er utan tvil det beste fôret vi har prøvd i roboten, skryt Lynum. Kyrne et den veldig godt. Smakelegheit er veldig viktig, det skal jo vere tomt i kraftfôrautomaten når kua går derifrå, presiserer han og legg til at pelletskvaliteten har vore kjempegod.

Han fortel at dei har prøvd mykje forskjellig frå ulike leverandørar, men slår fast at TopLac Høg er heilt klart det beste kraftfôret.

-Her på bruket så tøyer vi grensene meir. Det er naturlig at kravet til kraftfôret er høgare når ein produserer 13.000 liter per år, hevdar han med sikker stemme.

Kirsten Lynum har vært rolig i nokre minutt, ho kikkar ned på smart-telefonen. Ho ser opp og seiar at kyrne får 5-6 kg TopLac Høg per dag ved 40 kilo mjølk. Ho innrømmer likevel at det er vanskeleg å følgje opp mjølkekyr som yt 50-70 liter per dag med maks 8 kg TopLac i roboten.


-Det er ingen kyr som får over 8 kilo per 
dag, uansett mjølkeyting, legg faren til og forklarer korleis dei praktiserer strategifôring med lik opptrapping fram til 60 dagar i laktasjonen. På dette tidspunktet får alle 5,5 kilo TopLac Høg nærast uansett. Men viss nokon mjølkar over 45 liter, så får dei litt ekstra.

Når dei 60 dagane er omme, så tilpassast fôringa meir til faktisk yting. Er den over 45 kilo så trappar dei opp, er den under 35 kilo per dag reduserast mengda. Seinare så trappar dei gradvis ned kraftfôret uansett som ein naturleg del av den fallande laktasjonskurva.

 

img_5449

 

MEST TILFREDS MED KVIGENE

Far og dotter kappast om å kommentere kva kyr som mjølkar mest tilfredsstillande av førstekalvs-, andrekalvs- og eldre kyr. Begge er einige om at det er førstekalvskyrne som i størst grad innfrir forventningane deira.

-Snittet er 35 liter per dag. Kviger under 30 liter mjølk er sjeldan vare, og blir heller ikkje med dei vidare. Andrekalvskyrne har eit snitt på kanskje 45 liter medan eldre kyr ligg på 50 pluss. Men det er på andrekalvskyrne det er mest å hente, trur begge. Men det blir jo mindre aktuelt å forbetre ytinga sidan vi har ei avgrensa mjølkekvote å halde oss til, forklarer Lynum.

Han ser ut i lufta, tenkjar seg om før han legg til, men det er klart at skal vi auke snittytinga per ku i fjøset ytterlegare, så kan vi også auke salet av kviger ytterlegare og behalde eldre kyr litt lenger. Det hadde gitt stor effekt.

 

BESETNINGENE MED HØYEST YTELSE I 2015

DE HØYSTYTENDE BESETNINGER OVER 40 ÅRSKYR*

NAVN POSTNR STED ÅRSKYR FETT % PROTEIN % KG EKM
Lynum, Frode 7620 SKOGN 93,2 3,88 3,33 12568
Grindberg & Tranaas Samdrift 7810 NAMSOS 52,7 4,03 3,33 11924
He-Rosnes 4164 AUSTRE ÅMØY 40,9 3,97 3,33 11779
Undhein Kåre S og Marta 4342 UNDHEIM 40,2 6,23 4,15 11638
Enger Bjørn Olav 2850 LENA 43,2 4,39 3,5 11590

 

img_5434 

 

HELSESTATUS

Sjølv om det er ei kjensgjerning at høgare mjølkeyting kan auke helseutfordringane, slit dei ikkje med mjølkefeber meinar Lynum.

-Mjølkefeber er ikkje eit veksande problem. Vi har vel ikkje hatt nokon tilfelle i år, hevdar Frode.

-Jau, korrigerer dottera, vi hadde eitt tilfelle for ei tid tilbake då vi behandla ei ku. Men det er kanskje berre maks 1 tilfelle per år, og det er vel om lag som landsgjennomsnittet.

Landsgjennomsnittet for celletal er ca. 140.000. Også her gjer dei god gur, med celletal under 100.000 på innefôring.

-Vi prøvar å gjere tiltak for å unngå forfangenheit, halte kyr og såre bein. Det kan ha samanheng med for mykje stivelse og for lite struktur i rasjonen så vi justerer mengda med halm og brød etter behov, og har eigentleg lite problem der. Men vi hadde ein del klauvproblem før vi la gummi på spaltene i fjøset, fortel Lynum.

 

Når vi spør om korleis dei klarar å følgje opp alle dyra, så blir stilt på tunet ei lita stund, dei ser på kvarandre og smiler.

-Vi brukar mykje tid i fjøset, seier Kirsten Lynum mens ho bryt ut i latter.

Dei meinar at mjølkeroboten gir meir fleksibilitet overfor tid, men det betyr ikkje at tal timar i fjøset har gått ned. Alle dyr skal følgjast opp kvar dag, og situasjonane er mange og ofte tidkrevjande.

-Det er også mykje meir interessant med robot, ein får mykje meir data om dyra og responsen deira. Det skapar ein meir interessant og spennande kvardag der vi kan teste meir, seiar ho.

-Som eg sa tidlegare, viss du ikkje prøver noko nytt så finn du ikkje ut noko nytt heller, avsluttar Lynum med eit stort smil.

 

FRODE LYNUM OM FISKÅ MØLLE:

Vi har fått råd frå monge ulike rådgjevarar angående fôring. Dei beste tipsa kjem heilt klart frå Fiskå Mølle. Vi produserar meir mjølk enn nokon gong.

 

Vil du snakke med ein rådgjevar frå Fiskå Mølle? Klikk her for sjå ein oversikt over våre rådgjevarar.

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.