<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

Slik får du maks effekt av Lammedrikk

Denkamilk Lammedrikk er eit kvalitetsprodukt til lam og kje basert på spraytørka mysepulver. Dette sikrar hurtigveksande og friske dyr. Resepten er stabil frå år til år. Produktet er brukt av våre kundar sidan våren 2008, og vi får veldig gode tilbakemeldingar til begge dyregruppene.

Tekst: produktsjef drøvtyggarfôr Kjell-Rune Vik

 

LAGRINGSSTABIL I INNTIL 24 TIMAR

Til lammebar er ein fordel at mjølkeerstatninga kan stå ferdig blanda i lang tid før ein får botnfelling. Dette for å kunne tilby appetittfôring heile døgnet, noko som legg til rette for raskare tilvekst utan at sjukdom opptrer. Mengda av vegetabilske råvarer i mjølkeerstatninga, som hydrolysert kveiteprotein og kveitefôrmel, fortel mykje om risikoen for hurtig botnfelling. Denkamilk Lammedrikk inneheld nesten berre meieriprodukt og veldig lite vegetabilsk protein. Den er derfor lagringsstabil i inntil 24 timar. Det vil seie at der ikkje er nemneverdig med botnfelling det første døgnet.

Mjølkeerstatningar som botnfeller raskt gir auka risiko for sjukdom og redusert tilvekst. Dette fordi ein enten får ubalanse i mineralforyninga hjå enkeltlam, eller fordi ein blir tvinga til diskontinuerleg fôring. Enkelte lam kan då drikke for mykje pr fôring, noko som gir vomforråtnelse. Dermed svekkast lønsemda.

Vurdèr derfor innhaldet av kveiteprotein før du gjer innkjøpet!

 

LA DEI MINSTE LAMMA GÅ MED MORA

Sidan søya berre har to spenar, er det økonomisk interessant å skille frå det tredje (og kraftigaste) lammet og tilby eiga mjølkefôring til dette. Hensikta er å maksimere tilveksten på både dei to minste lamma , men òg på det tredje (og evt. det fjerde), samt å redusere belastninga på søye-juret. La dei to minste lamma gå att med mora då dette aukar sannsynet for kun sunne lam og høgare kjøtproduksjon totalt sett.

 

img_2904-web

RÅMJØLK ER SENTRALT

Alle lam må få råmjølk frå mora si det første døgnet, og gjerne også det andre. Dette sikrar lamma tilgang på rett type immunstoff, slik at dei er betre rusta mot sjukdomar i det vidare fôringsregimet. Om mora kreperer i lamminga eller om den produserer for lite mjølk, og ein samtidig ikkje lykkast i få ei anna søye til å ta lamma, kan ein alternativt tilby råmjølk frå mjølkekyr. Nedfryst råmjølk frå ku er fullt brukbar.

 

TILVENNNING TIL DENKAMILK LAMMEDRIKK

Det fråskilde lammet plasserast frå 2. eller 3. levedøgnet i ei mindre gruppe med lam og tilbydast opplæring til å drikke mjølkeerstatning, max 15 lam pr gruppe. Små grupper er nødvendig for å kunne gjennomføre god helse-kontroll. Desinfisèr navlen for å unngå infeksjonar.

Mange bønder i Norge brukar lammebar (bøtte eller dunkar med smukkar), og dette ser ut til å fungere veldig godt forutsett rett fôringstrategi.

Lamma lærer raskt å drikke av kvarandre. Dei første lamma i flokken er mest krevjande å lære opp. Lamma må då tvangsfôrast i automaten 4 gongar i døgnet med jamne intervall inntil lamma tek smokken sjølv. Av opplæringsårsaker er det ein fordel om ein dei to første dagane held ein temperatur på mjølka på 40-42 grader Celsius. Ved bruk av lammebar seinkar ein deretter temperaturen til romtemperatur (sjå under). Ein må også seinare aktivt sikre at nye fråskilde lam lærer seg teknikken, sjølv om opplæringa går raskare etterkvart.

Ved elektroniske automatar der mjølketemperaturen er konstant høg, kan ein fortsetje med temperaturen som nemnt (40-42 grader).´

 

img_2889-web (1)

VAL AV FRAMFÔRINGSTRATEGI

Oppfôring av slaktelam («grilllam») tek ca 8 veker, og ein reknar ofte eit forbruk på ca ein sekk mjølkeerstatning pr lam. Slaktevekta er då ofte kring 15 kg.

Ein kan også lage ordinære slaktelam av overskotslamma ved å avvenne frå mjølkeerstatning så tidleg som råd og fôre overskotslamma vidare på kraftfôr, grovfôr og beite. Tilveksten blir da noko lågare, men lamma tåler då ei høgare vekt før dei er slaktemodne. Ein kan då avvenne lamma ved ca 30 dagars alder og ca 15 kg`s levandevekt (vurder både alder og vekt når det er fornuftig å avvenne). Lamma skal da vera godt i gang med å ete kraftfôr. Beste kraftfôrval er «Fiskå Sau/Lam Appetitt». Lamma likar godt smaken av dette, og dei tåler det godt, og tilveksten blir god. Det er best at lamma får ei gradvis avvenning frå mjølkeerstatning med avgrensa fôring morgon og kveld i fire til fem dagar.

 

DOSERING

175 - 200 gram pulver pr liter ferdig mjølk (appetittfôring). Opptil 225 gram pulver kun dersom lamma ikkje får kraftfôr og grovfôr ved siden av.
Sagt på ein annan måte: Skal du lage 10 liter ferdig mjølk, så skal bøtta innehalde 1,75 - 2,25 kilo pulver.

Bestem deg altså på førehand kor mange liter mjølk du vil lage, og rekn deretter ut kor mykje mjølkeerstatning du vil dosere. Svakaste doseringa gir mest problemfri fôring. Sterkaste dosering (oppfôring av slaktelam) gir potensiale for auka tilvekst. Start alltid med svakaste dosering. Ver veldig nøyaktig med doseringa! Kontroller derfor målebegeret på kjøkenvekta før du tek det i bruk.

 

MIKSING OG VASSTEMPERATUR

Ha først i vatnet, deretter gradvis den oppvegde mengda med pulver. Miksing med handvisp: Kraftig visping i et halvt minutt inntil mjølkepulveret er godt oppløst. Miksing med el.drill: Bruk kun låg hastigheit i 1-3 minutt.

Ein kan gjerne bruke romtemperert vatn direkte. Men miksinga går lettare om ein blandar oppmålt mengde pulver med 1/3 av planlagt vass-mengde og som held 45-50 grader Celsius. Etterpå tilset ein dei øvrige 2/3 delane som kaldt vatn. Unngå varmevatn direkte frå varmtvassberedar, då dette oftast held 60 grader eller meir. Ved slike temperaturar denaturerer protein og vitamin, og redusert tilvekst samt sjukdom blir resultatet. Bruk temperaturmålar!

 

img_2893-web

TEMPERATUR PÅ FERDIG MJØLK I LAMMEBARAR

Temperaturen på mjølka skal hjå tilvende lam som får drikke frå lammebarar vere som i omgjevnaden elles (romtemperatur, dvs. 13-20 grader). Ved høgare temperaturar vil nemleg lamma når ny, varm drikke er servert (og utover medan den kolnar) drikke for mykje mjølk. Det same skjer dersom lammebaren går tom for mjølk – ved påfylling vil lamma drikke så mykje at løypemagen går full, og mjølk renn over i vomma. Vi tilrår derfor 100% fri tilgang på kald (romtemperert) mjølk – 24 timar i døgnet! Dette hindrar overfôring og sjuke dyr.

 

HYGIENE

I mjølkeautomaten må hygiena vere veldig god. Den må skyllast i varmt vatn ein gong pr døgn. Desinfiser i tillegg kjemisk med eit vaskemiddel 2 x pr veke. I lammebarar må ein blande i ny romtemperert drikke umiddelbart etter den daglege reingjeringa.

 

TILVENNING TIL KRAFTFÔR OG HØY

Tilby kraftfôret Fiskå Sau/Lam Appetitt frå 4. levedagen (snitt for gruppa). Kun små porsjonar om gongen. Fjern gammalt, vått og fuktig kraftfôr dagleg. Bytt også tørt men gammalt kraftfôr ein gong pr veke.

Frå 2. veka må kraftfôret tildelast etter appetitt (fri tilgang).

Tilby òg velberga høy frå same tidspunkt (ikkje bruk kløver-høy). Høyet tilbydast frå ei krybbe der lamma ikkje kan gå eller skite i. Høy saman med kraftfôret er positivt for utvikling av formagane.

Tilby friskt vatn og saltslikkestein ved sidan av frå same tidspunkt. Dette gjer overgangen til vatn og kraftfôr lettare.

 

 

ER DU KLAR TIL ÅRETS VIKTIGSTE SESONG?

Lamminga er rett rundt hjørnet. Sikt på suksess med DENKAMILK Lammedrikk. Stabil oppskrift fra år til år, og mange års erfaring til norske lam og kje gjør at vi vet at produktet er blant de beste i markedet.

 

BESTILL LAMMEDRIKK

 

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.