<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

Intensivt oppdrett skal gje tidlegare kalving og meir mjølk

Med robotfjøs frå 2010 og ei mjølkekvote på 600 tonn, skal Kristian Skrettingland på Jæren no auka mjølkeytinga ytterlegare. Det gjer han gjennom eit betre og meir intensivt oppdrett, godt fôr og godt fôringsregime.

 

Kristian Skrettingland på Jæren har robotfjøs frå 2010 og ei mjølkekvote på 600 tonn. Den allereie høgtytande besetninga vil effektivisere oppdrettet og auke mjølkeytinga ytterlegare gjennom endå betre og meir intensivt oppdrett. Til no har ungdyr og gjeldkyr blitt fôra fram i eit leigd nabofjøs, men i januar 2018 flytta dei inn i nytt kombinert ungdyr- og gjeldkufjøs som er plassert parallellt med melkefjøset.

Målet er å nå ei insemineringsvekt på 400 kilo ved 13–14 månads alder. Det gir reduserte kostnadar i oppdrettet, og eit godt oppdrett gir meir mjølk. Bedrifta med 54,3 årskyr kallast «Tjemsland Holstein», og har ein av Norges mest høgtytande besetningar med 11.280 kg EKM (2017). Med eit forbruk av kraftfôr på berre 24 kg per 100 kg mjølk er det tydeleg at her avlast det fram «grovfôrkyr» med stort vomvolum, og at grovfôrkvaliteten og fôringsregimet prioriterast svært høgt.

 

910a6489

Med robotfjøs frå 2010 og ei mjølkekvote på 600 tonn, skal Kristian Skrettingland på Jæren no auka mjølkeytinga ytterlegare.

 

UT MED KALVEHYTTENE

Kristian har heilt sidan 2004 hatt spedkalvane ute i kalvehytter. Han har sett store fordelar med det, samanlikna med å ha dei inne i kufjøset.

– Det ga betre helse og tilvekst. Men det var utfordringar med det og. Det regnar og bles mykje her på Varhaug, og eg har ikkje tal på kor mange gongar eg har droppa å gje kalvane kraftfôr av den grunn. Dei likar ikkje når kraftfôret er for vått. Her inne i ungdyrfjøset er dette sjølvsagt ikkje noko tema. Her er det heller ingen fuglar som forsyner seg eller som gjer frå seg i kraftfôret. Det er lettare å halde god hygiene i vasskara.

Det er sjølvsagt og kjekkare for Skrettingland sjølv å mjølkefôre kalvane inne i eit lunt fjøs. Betre hygiene gir friskare kalvar over tid, hevdar den ivrige jærbuen.

– Det gjekk veldig mykje halm til kalvehyttene ute, fordi halmen trakk til seg fuktigheit frå regn og snø. Halm er ikkje akkurat gratis i dette området. Eg har redusert halmforbruket med 50 prosent i vinter, poengterer Kristian som flytta ungdyra inn i det nye fjøset i januar.

– Har du selt kalvehyttene dine?

– Nei, om det blir veldig kaldt her, kjem eg til å rigge dei til her inne.

 

TO PROSENT FALL

At fjøset har eit fall på to prosent merkast faktisk ganske godt, spesielt etter at bonden påpeikte det. Urinen renn i rett retning med det same, og det er ingen dammar å sjå nokon stad. Under halmen hos spedkalvane er det ei rist, og urinen renn gjennom denne, vidare fram og under fronten på kalvegardane, ned i ei renne (mot fôrgangen) og på tvers bort i sluken. Men frå fôrgangen og mot renna er det eit kort «motfall» andre vegen.

– Eg sparte 6–700.000 kroner på å bygge fall på golvet framfor å legge spaltegolv, forklarer han.

I gangarealet hos dei eldre kvigene er betonggolvet rilla i lengderetninga, og urinen forsvinn nedover langs rillane med det same. Ventilasjonen i bygget er svært god, og dyra har det framfor alt svært romsleg! Ungdyrfjøset har eigentleg ledig kapasitet, slik at tal på ungdyr kan doblast om tidene endrar seg.

 

910a6316

Lønnsom drift: «Eg sparte 6–700.000 kroner på å bygge 2 % fall på golvet framfor å legge spaltegolv, forklarer Kristian Skrettingland.

 

KALVEBØTTER MED SMUKK

Alle kalvane i fjøset får no mjølka i frå smokkbøtter, som han kallar dei.

– Kva er fordelen med det samanlikna med vanleg bøttefôring?

 

«– Eg trur at når kalvane får suge mjølka frå smukk, produserer dei mykje meir spytt. Og det er «goe’ greier» for magen, berre tenk på kor viktig natriumbikarbonat og alle enzyma er for drøvtyggaren.»

 

– Dessutan har det med farten å gjere. Kalvane er ikkje konstruerte for å drikke store mengder mjølk rett frå ei bøtte. No kan eg gje mykje meir per mål. I dag er eg oppe i fem liter mjølk per fôring, totalt 10 liter per dag. Dette er nivået dei held frå to-tre vekers alder. Med smokkbøtter veks dei betydeleg fortare, noko som er eit viktig mål for meg. På toppen får dei betre innfridd sitt sugebehov, og dei held seg friskare.

 

910a6443 (1)

«Med så intensiv mjølkefôring som eg driv så rører dei i praksis ikkje kraftfôret før dag 50. Men då seier det berre «pang» og dei et opp alt mellom måla. TopKalv Pluss tåler dei godt.»

 

INTENSIV FÔRPLAN TIL KVIGEKALVANE

– Eg gir kalvane råmjølk i 4 dagar. Då får dei 4 liter per mål, og 2 mål per dag. Det første og andre målet er ikkje alltid like enkle, men i dei fleste tilfella drikk faktisk kalven dette frå smukk med det same.

– Sondar du kalvane som ikkje tek denne høge mengda med råmjølk?

– Normalt tek dei denne mengda, men om dei berre drikk til dømes to og ein halv liter, lar eg dei berre vere i fred ein times tid. Då drikk dei som regel resten. Eg har ikkje heilt sansen for sonding. Eg likar ikkje å true i dei mjølka, for
det blir som når franskmennene fôrar gjæs for gåselever! Eg legg heller til rette for at kalven drikk alt sjølv. Men klart, om nokon er sjuke og ikkje vil ta råmjølk i det heile, så sondar eg sjølvsagt.

Vidare gjer han kalvane to mål med mjølkefôring fram til dag 57. Fôrplanen er at frå dag 4 til dag 10 får dei fire liter mjølk per mål basert på kring 300 gram mjølkeerstatningspulver (= 0,5 liter pulver). Dette tilsvara 75 gram pulver per liter ferdig drikke. (Dette er tynnare konsentrasjon enn normalt, som er 125 gram per liter mjølk, red. anm.).

– Frå dag 10 får dei både meir mjølk, og med høgare konsentrasjon: 5 liter mjølk per mål basert på 600 gram pulver (= ca 1 liter pulver). Det gir tilnærma normal konsentrasjon på mjølka. Dette får dei til dag 50.

På dag 50 startar han avvenninga med å gje dei tynnare drikke: 7 dagar med totalt ein halv liter pulver per mål. Då får dei heller lenger mjølk frå smokkbøtter, men frå skål. Det gjer han fyrst og fremst for å venne dei til å drikke frå eit «vannspeil», noko som blir realiteten snart. Når kalvane er 60 dagar, flyttast dei over i fellesbinge med andre kviger i alderen 60–120 dagar. Dei siste to–tre dagane i enkeltboksar (dag 58–60) får dei berre vatn og ikkje noko mjølk.

– Kalvane har frå første dag tilgang på friskt vatn, høy og TopKalv Pluss, men med så sterk mjølkefôring som eg driv, rører dei i praksis ingenting før dag 50. Men då seier det berre «pang», og dei et opp alt kraftfôret i skåla mellom måla. Høyet forsvinn og.

– Er diaré noko problem i desse tider?

– Nei, diaré er aldri noko problem i avvennings- tida. Dei få gongane kalvane har diaré, så kjem det kring dag 10 og like etter opptrappinga av mjølkeerstatning.

 

910a6229 (1)

«Skrettingland sin filosofi er å ha høg tilvekst fram til inseminering for deretter å roe veldig ned.»

 

STÅANDE BUFFÉ OG HALMSENG

Frå dag 60 – 120 går kalvane i ein romsleg binge med halmseng og fri tilgang på kumix (grunnmix) til mjølkekyrne, høy, det nye kraftfôret TopKalv Pluss, og vatn. Kraftfôret står i ein behaldar som slepp nytt fôr automatisk ned i brya etterkvart som kalven et. Dermed blir kraftfôret friskare og tørrare, fordi andre kalvar ikkje får «sleve» på det. Silo og høyrestar fjernast dagleg fra troa, og gjeast til gjeldkyrne. Kalvane føretrekk kumixen framfor det velberga høyet, påpeikar Kristian.

 

Dagens kumix frå Keenan-vogna er omtrent slik:

Grunnmix til mjølkeku og unge kalvar %
Byggrøpp, granulert 8
Soyamjøl 3
Premium Grovfôr (vit/min) 0,2
Heilsæd med bygg 6
Surfôr av 2. slått 24
Surfôr av 1. slått 59

 

– Målingar av kalvane som er 120 dagar viser at dei er over 170 kilo. Det tykkjer eg må vere brukbart, er det ikkje? spør bonden. I TINE si nye kvigebrosjyre står det at kviger som skal bli 560 kilo ved 24 månaders alder bør vere kring 130 kilo ved 120 dagars alder. Det er tydeleg at kalvane veks godt i det nye fjøset!

- Min filosofi er å ha høg tilvekst fram til inseminering, deretter roar eg veldig ned. Kvigene har siste åra vore 14–16 månader ved inseminering. Men veks dei betre frå ung alder, så meiner eg dei kan inseminerast fleire månader tidlegare - om eit års tid, resonnerer Skrettingland.

 

910a6335

«Kviger i alderen 10 til 22 månader får ein eigen magrare ungdyrmix med bl.a. 1/2 kg Roetopp strødd oppå surfôret.»

 

LIGGEBÅSAR FRÅ 120 DAGAR TIL KALVING

Frå dag 120 er det slutt på opphaldet med halmseng. Då flyttast kvigene til avdelinga med liggebåsar. Det er etterkvart ein fordel å få dei over på betonggolv slik at klauvene får nødvendig slitasje, meinar bonden. På begge sider av fôrbrettet er liggebåsane inndelt i bingar som kvigene flyttast over til etter kvart som dei veks, og etter behov for meir plass. Her får dei kumix fram til dei er kring 10 månader gamle, pluss kring åtte hekto soyamjøl fallande ned mot null fram til dei er inseminerte. Då vart og proteinbehovet dekt.

– Tidlegare i vinter ga eg kvigene Melketopp Høg, men sidan det eigentleg var mest AAT dei mangla i rasjonen, skifta eg til soyamjøl som eg hadde frå før. Smaken var litt annleis, men det gjekk heilt fint etter noko tilvenning. Fiskå Proteintilskudd ville også vere eit godt alternativ (svært proteinrik pellets med vitamin/mineral og tilsett melasse, red.anm.). Kviger i alderen 10 til 22 månader får ein eigen, magrare ungdyrmix. Den består i dag av høyensilasje og 3. slåtts surfôr, samt Premium Grovfôr. Dei får i tillegg ca 500 gram Roetopp strødd oppå fôret. Deretter flyttast dei til ein binge der halve fôrbrettet har ungdyrmix og andre halvdelen har gjeldkumix.

Når det nærmar seg kalving sleppast kvigene opp til ein annan og større binge saman med gjeldkyrne. Alle får då kun gjeldkumix som består av fem kilo ubehandla halm pluss surfôr og vitamin/mineral. Halmen er snitta i Keenan vogna, og halmlengda er om lag 10 cm.

– Fylleeffekten er viktigare enn stikke-effekten i vomma, påpeikar Kristian. Målet er å sikre eit stort volum i vomma, og ei ku som et store mengder grovfôr etter kalving.

 

KALVINGSBINGE I UNGDYRFJØSET

Både kviger og gjeldkyr kalvar i ein separat kalvingsbinge ved sidan av gjeldkubingen. Underlaget er sand, og dette fungerer veldig fint. Hygienen er veldig god på dette underlaget, og sand er dessutan billegare enn innkjøpt halm. Sand må heller ikkje skiftast så ofte, for bakteriar trivast ikkje like godt i uorganisk materiale samanlikna med halm og høy, forklarar den engasjerte bonden.

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.