Stor grovfôrmangel, men likevel høg produksjon:

Mjølkeytinga oppretthaldast med TopLac Låg og full dose FiberMix

Bjarne Ness frå Haukedalen i Sunnfjord har ofte hatt grovfôrmangel, men sommaren 2017 blei ekstra ille. Med berre 70-75% av normalavlinga må han kjøpe inn mykje fôr no. Men framfor å kjøpe endå fleire blaute, energifattige og dyre rundballar har han trappa opp kraftfôrforbruket gjennom «nye FiberMix med maxammonhavre». Han unngår no truleg fôrknipe. Mjølkeytinga haldast oppe på heile 33-34 kilo per dag, og det med solid fett- og protein-% i mjølka.

 

Med nytt fjøs og mjølkerobot i 2014 har 53-åringen siste åra opplevd å få kraftig auke i mjølkeytinga. Den erfarne mjølkebonden har drive garden sidan 1983, og er å finne i statistikken over dei mest høgtytande besetningane i landet i 2016. I snitt oppnådde han 10.531 kg energikorrigert mjølk på sine 41 årskyr, kontra 10.200 kilo i 2017. Med ei mjølkekvote på 388 tonn, så paktar han no fleire bruk i området.

 

Frå innkjøpt surfôr til «nye FiberMix»

Bjarne Ness har for lite grovfôrareal, og har kvart år kjøpt rundballar frå andre bønder. Mjølkekyrne har fått surfôr tildelt noko under appetittfôring, samt TopLac Nøytral inne i mjølkeroboten. I kraftfôrautomaten ute i fjøset har dei fått 2 kilo Roetopp samt endå meir TopLac. Fôrstyrken har normalt vore ca 35-38 kilo kraftfôr per 100 kilo mjølk.

-Eg veit mange seier ein må ha godt grovfôr for å produsere mykje mjølk. Men eg har ofte hatt dårleg grovfôrkvalitet, spesielt på innkjøpt fôr. I staden eg har «peisa på» med kraftfôr så mykje som kyrne toler. Grovfôr er berre noko dei må ha for å halde magane i orden, meinar han.

Men den regnfulle sommaren i 2017 sette han i ei alvorleg grovfôrknipe. I haust har han kjøpt ein god del høyensilasje frå Austlandet. Men kvaliteten varierte mykje. Høg frakt gjorde at pris per energieining ofte blei over kraftfôrpris, av og til dobbelt så høg! Så etter råd frå underteikna skifta han i desember til TopLac Låg kombinert med opptrapping til 6 kilo FiberMix. Dette er ein rimeleg alkalisk grovfôrerstattar som har høg andel norsk valsa Maxammonhavre.

 

«Bjarne Ness bygde nytt robotfjøs i 2014, og bygde båsfjøs i 1991. Han overtok som mjølkebonde allereie i 1983, som 19-åring!» 

Godt tilfreds med resultata

-Eg starta med ein storsekk FiberMix i haust som eg bar i bøtter og strødde opp på surfôret. Kyrne likte det svært godt. Når eg kom med bøttene vart dei heilt ville! Dei strøymde til og ville ha meir, fortel bonden med ei dramatisk stemme og forteljarglede. -I byrjinga fekk dei 2 kilo per dag. Gjødselkonsistensen var framleis veldig god. Når kraftfôrtanken med Roetopp så var tom, fekk eg blåst på den nye FiberMix med maxammonhavre. Eg auka då tildelinga gradvis med 150 gram FiberMix per mjølkeku per dag i tillegg til normal dosering TopLac Låg. Eg er no oppe i 6 kilo FiberMix til dei som mjølkar mest, og gir dermed i snitt 44-45 kilo kraftfôr per 100 kilo mjølk!

- I gjeldkuperioden fasar eg inn FiberMix ca 1 veke før kalving. Og mot slutten av laktasjonen så trappast nivået forholdsvis raskt ned for å unngå at dei blir feite. Men her vil eg følgje godt med, og justere i forhold til både holdet og laktasjonstidspunktet.

-Gjennomsnittleg mjølkeyting er no 33-34 kilo mjølk per dag, fortel han, men presiserer at dette er dagsnivået målt over ei veke. -Dette nivået hadde eg i fjor òg, men då var grovfôrtilgongen mykje betre, innrømmer han tilfreds. Proteininnhaldet i mjølka ligg no mellom 3,3 og 3,4%, og fettinnhaldet er cirka 4,2%. Urea i mjølka ligg kring 5. -Gjødselkonsistensen er verken laus eller fast, og etter mitt syn heilt fin, fortel den engasjerte bonden.

 

Føretrekker FiberMix framfor innkjøpt surfôr

-Dersom dette fungerer over tid, vil eg fortsette fordi det sparar meg for masse arbeid, påpeikar Ness. – Det er billeg, og det er jamn kvalitet kontra det ein ofte får kjøpt av surfôr i marknaden. Det er berre å ta ein telefon, så kjem FiberMix rett på tanken, og automatikken fôrar det ut utan at eg tek i det. Eg har dessutan litt avgrensa eteplass på fôrbrettet, men i kraftfôrautomaten får alle sleppe til slik at kvar ku får sin tildelte kraftfôrrasjon utan konkurranse frå andre kyr.

-Når eg kjøper inn rundballar, så må eg ringe fleire leverandørar og forhandle om pris og kvalitet, eventuelt hente fôret sjølv eller hyre ein lastebil. Så må eg losse lastebilen ved ankomst, ta av rundballeplasten, og ta vare på denne som returplast. Og kvaliteten på grovfôret er veldig varierande med omsyn til tørrstoffinnhald, energiverdi, gjæringskvalitet, proteininnhald og fôropptak. Mjølkeproduksjonen blir ustabil, i alle fall viss eg ikkje blandar det med eige fôr.

-Økonomisk har eg som bonde aldri hatt det så romsleg som no, men har heller aldri hatt meir gjeld! ler bonden, før han raskt blir alvorleg i ansiktet igjen for å understreke at han meinar det han seier.


Lett traktor med tvillinghjul og to slåmaskiner

På den eine garden som eg slår så er det mykje strandrøyr i enga. Dette fordi det er så blaut myrjord der, og denne grasarten ber traktoren best. Surfôret vert dessutan meir fiberrikt, noko som gjer at kyrne toler kraftfôret betre.

- Men i forhold til andre bønder så har eg gått motsett veg når det gjeld traktor og utstyr til grashausting. Eg har kjøpt meg ein lett traktor på 3½  tonn og 108 HK som eg brukar i slåtten. Dessutan har eg tvillinghjul både framme og bak. På traktoren har eg ei lett frontmontert slåmaskin, og ei anna lett sidemontert bak. Med desse slåmaskinene og frontmontert rive kjem eg godt til overalt, og får veldig lite jordinnblanding i graset spesielt fordi eg slepp å køyre i graset. Når traktoren ber slåmaskinene, så er det mykje lettare å slå i bratt lende enn med slepe-slåmaskiner.

-Eg breispreier graset med i alle fall eine slåmaskina, og tørkar det i vel eitt døgn, viss vèret tillet det, før eg rakar det saman og pressar det. Rivene rakar 6 meter grasbreidde i slengen, og dermed blir det berre halve køyringa når eg pressar, fortel bonden.

-Rundballepressa er ei Biopresse, og eg meinar dette er ei relativt lett og bra presse for vestlandsbruk med bratte bøar eller beresvak jord. Mi presse veg berre 3,5 tonn, medan andre tilsvarande kombipresser gjerne veg 5,5 tonn, hevdar han.

-Men heimegarden slår eg faktisk ein del med fôrhaustar, og brukar Vossakasse der det er bratt. Eg tømmer Vossakassa i ein hengar dersom areala er eit stykke frå. Når den er full køyrer den heim for å legge graset i tårnsilo. Med fôrhaustar kan eg velje å «slå innimellom byene», så på heimegarden er eg meir fleksibel med korte avstandar mellom markane og siloen.

 

«Graset frå heimegarden leggast i silo.»

 

Mellomkalvproduksjon på Nor500

-Sidan eg har grovfôrmangel har eg valt ein veldig intensiv fôringstrategi for ungdyra som skal slaktast. Alle oksane, samt kviger som ikkje skal inn i avlen, får råmjølk så lenge eg har det tilgjengeleg. Deretter er det over på mjølkeerstatning samt TopKalv etter appetitt fram til avvenning ved 8 vekes alder. Etterpå flyttast dei til ein ny binge der dei får avgrensa mengde surfôr, samt at eg halvblandar Nor500 og TopKalv i ei brye på appetittfôring. Eg fyller på så det ikkje går tomt. Etter ei lita veke, og når han ser at kalvane tek Nor500 like godt som TopKalv, så får dei kun Nor500. Det fungerer heilt flott, diaré er ikkje noko særleg problem. No har dei fått 2. slått surfôr i lang tid, og det fungerer godt. Eg prøvde tidlegare å gje dei 1. slått rundball, men det fungerte ikkje godt nok då strandrøyra låg att.

Bjarne har hatt litt problem med koksidiose i det siste, og synes derfor det nye kalvekraftfôret TopKalv Pluss høyrest interessant ut sidan det skal betre immunforsvaret og gje betre tilvekst.

Bjarne slaktar mellomkalvane når dei er ca 120-140 kilo slaktevekt. Då er dei ca 6 månader gamle. Då får kalveslakta oftast klasse O. Men han har også fått dei heilt opp i klasse R på det beste.

 

«Kyrne unngår no fôrknipe. Gjennom høg bruk av FiberMix og TopLac Låg oppretthaldast mjølkeproduksjonen på 33-34 liter mjølk per dag.»