Har du lite grovfôr?

I år har me dessverre fått kjenne på den verste tørka på ein mannsalder, og grovfôravlingane har vorte deretter. I tillegg er heile Nord-Europa i same situasjon, slik at det kan verte utfordrande å få tak i grovfôr sjølv om me ser utanfor landegrensene. Står du i denne situasjonen har me i Fiskå Mølle nokre tips og hjelpemiddel for å drøye grovfôret mest mogleg.

 

  1. Manglar du ein del grovfôr er det viktig å gå gjennom alle dyra og vurdere kor mange så må og bør vere med vidare. Fyller du kvoten? Då kan du allereie no slakte ut dyr som var planlagt slakta på slutten av laktasjonen for eksempel. Det same gjeld oksar – vurder tidlegare slaktetidspunkt. Mange har oksane til dei er 18-19 månadar, som ofte resulterer i noko betre klassar. I eit år som dette er det mindre gunstig fordi oksane et veldig mykje grovfôr dei siste månadane, samtidig som muskeltilveksten pr dag går ned.
  2. Analyser grovfôret! Å vite fôrverdien er avgjerande når ein skal rasjonere grovfôret. Variasjonane i grovfôr er såpass store at det fort er snakk om fleire kilo pr ku i skilnad mellom godt grovfôr og mindre godt grovfôr. Har ein for lite allereie er ein analyse viktig for å unngå å fôre meir enn naudsynt. Det vil òg vere veldig viktig å kartleggje kor mykje fôr ein har, slik at ein kan leggje ein plan for fôrdisponeringa gjennom året. Kontakt gjerne din rådgjevar for å få hjelp til dette.
  3. Auk kraftfôrmengdene. Kraftfôrforbruket har tradisjonelt vore på rundt 30 kg pr 100 kg EKM på landsbasis. For dei fleste har det vore mest aktuelt å maksimere grovfôropptaket og toppe med kraftfôr. No må denne tankegangen vendast om på. Meir kraftfôr gjer mindre grovfôropptak, og me anbefaler alle som ser at dei ligg dårleg an med grovfôr å kome i gong med sparing snarast råd. Hugs at ein bør unngå å fôre meir enn 2,5 kg pr fôring for å oppretthalde eit godt vommiljø.
  4. Bruk grovfôrerstattar. Fiskå Mølle tilbyr FiberMix, ein grovfôrerstattar som består av fleire ulike typar fiberråvarer; Maxammonbehandla havre, kveitekli og roer, for å nemne nokre. Ein grovfôrerstattar tilfører dyra meir fiber enn eit tradisjonelt kraftfôr, og hjelper til å stabilisere vomma når grovfôrandelen er låg. FiberMix er pelletert og tilsett standard dose mineral og vitamin, og har i tillegg positiv PBV. Til ungdyr og ammedyr kan den i somme tilfelle nyttast som einaste kraftfôr. Elles fungerer den godt både til mjølkeku og ungdyr i kombinasjon med våre andre kraftfôrtypar – nøyaktig fôrplan avheng av grovfôrkvalitet- og mengd. Kontakt din rådgjevar for å få ein plan skreddersydd etter dine behov. Me har òg laga ei ny fôrblanding, spesialtilpassa situasjonen mange er i. Den har me valt å kalle TopLac Fiber, og denne er sett saman av 70% TopLac Nøytral og 30% FiberMix. Dette er for å møte behovet til kundar som har begrensa moglegheiter for fleire kraftfôrslag. Ved bruk av denne blandinga kan ein auke kraftfôrmengdene med 30%. Sjå under for generelle døme på fôrplan med grovfôrerstattarar. Ein får maks utbyte av grovfôrerstattarar og auka kraftfôrmengder ved å avgrense grovfôrtilgongen, men då må ein ha ein eteplass til kvart dyr. Med færre eteplasser enn dyr får ein fort taparar som får i seg veldig lite grovfôr.
  5. Slaktedyr tåler godt store mengder kraftfôr/grovfôrerstatning. Auk mengda kraftfôr så mykje som mogleg her. Mjølkekyr tåler òg relativt store mengder kraftfôr, medan gjeldkyr og ammekyr tidleg i drektigheita er verre. Årsaka til dette er at sistnemnte har eit såpass lågt energibehov at det skal veldig lite kraftfôr til for å møte dette. Med så lite fôr får ein ikkje fylt opp vomma og dyra vert fort urolege og kjenner seg svoltne. Om du har tilgong til halm, høy eller seint slått grovfôr er det lurt å spandere ein del av dette på gjeldkyrne, og heller supplere med litt kraftfôr om naudsynt.

 

 

Det er òg ein del som utrykkjer ei viss uro over kraftfôrprisar. Det me kan seie så langt er at utover Nord-Europa så ser det ut til å verte eit godt kornår på verdensbasis, så det skal ikkje vere eit problem å få tak i nok korn. Me vil òg sjå ein meir utbreidd bruk av «alternative råvarer» frå utlandet, som mais, roer og generelt tungtløyseleg stivelse fordi det er så dårleg tilgong på norsk korn. Tollkvotane er baserte på produksjonen av norsk fôrkorn, så i eit uår som dette er kvotane store. Det vil difor ikkje verte nokon drastisk auke i pris slik det ser ut no, fordi me kan basere oss meir på utanlandske råvarer. Fiskå Mølle har òg teke forholdsreglar for å få importert nok fiberråvarer som t.d. roer.

 

Tabell 1. Døme på fôrplan til mjølkekyr med TopLac Fiber, 2.kalvsku i midtlaktasjon. Grovfôr av middels kvalitet, med om lag 30% TS. Plan til ein kunde som ville avgrense grovfôrtilgongen til ein rundball pr dag, så her har me låst grovfôrmengdene til 28 kg pr ku pr dag. Optifôr kalkulerer då kor mykje kraftfôr som må til for å oppretthalde dei ulike ytelsesnivåa. Maks mengd er lagt til 18 kg, men her kan det vere rom for større mengder ved behov. Ver nøye med forsiktig opptrapping om ein vil opp i sånne mengder.

Kg mjølk/dag

Kg grovfôr

Kg TopLac Fiber

15

28

6,9

20

28

9,2

25

28

11,3

30

28

15,3

35

28

18

40

28

18







Tabell 2. Døme på fôrplan til mjølkekyr med TopLac Nøytral, og FiberMix som andre kraftfôr. Grovfôr av middels kvalitet, om lag 30% TS. Ein meir moderat plan, men som likevel sparer 6 kg grovfôr pr ku pr dag samanlikna med berre TopLac N i dei mengdene som står i tredje kolonna.

Kg mjølk/dag

Kg grovfôr

Kg TopLac

Kg FiberMix

15

45,4

1,9

1,5

20

43,9

3,5

2,0

25

42

5,8

2,5

30

39,6

8,7

3,0

35

37,5

11,6

3,5

40

39,7

13

4,5

 

Tabell 3. Fôrplan til oksar med FiberMix som einaste kraftfôr. Grovfôr av middels kvalitet, om lag 30% TS. Planlagt slaktealder 16 mnd og 300 kg slaktevekt.

Alder, mnd

Kg grovfôr

Kg FiberMix

4

3,0

4,0

8

6,5

5,5

12

11,2

6,3

16

16

6,5