<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

Avvennjing av kalv

Avvenjing frå mjølk er ein kritisk periode i kalven sitt liv, og ikkje alltid like lett å få til. Denne artikkelen tek føre seg viktige hugsereglar i samband med avvenjing.

 

I USA fører organet National Animal Health Monitoring System (NAHMS) statistikk over kuhelse, dødelegheit, årsaker til kalvedød og liknande. Diagrammet ovanfor syner prosent dødsfall fordelt på veker etter fødel. Dødelegheita går gradvis nedover i vekene etter fødsel, for så å auke brått i veke 9.

Då dei fleste amerikanske kalvar frå mjølkeproduksjon vert avvende rundt 9 veker, har forskarane bak artikkelen ein hypotese om at det er avvenjinga som gjer eit hopp i dødeligheita på nettopp dette tidspunktet. Tala er sjølvsagt mykje høgare enn i Norge, men same trend er òg synt i eit norsk forsøk frå 2009 der overlevingsgraden har ein dropp på ca 70-80 dagar og 100 dagar. Dei utløysande årsakane til dette kan bla vere stress, for brå/for tidleg avvenjing av kalv, eller kalvar som ikkje er godt nok rusta til å klare seg utan mjølk.

 

screen-shot-2018-05-18-at-142744

 

VIKTIGE PUNKT FOR Å LUKKAST MED AVVENJINGA ER:

 

1. TILGONG PÅ KRAFTFÔR FRÅ DAG 1

Inntak av kraftfôr er avgjerande for å få ein kalv som er robust ved avvenjing. Når kalven byrjar å ete kraftfôr, startar utviklinga av vomma som fram til då ikkje har vore brukt i fordøyinga av mjølk. Når vi snakkar om vomutvikling tenkjer vi hovudsakleg på danninga av vompapillar, som er viktige for absorpsjon av næringsstoff frå vomma. Den flyktige feittsyra smørsyre vert rekna som spesielt viktig i denne prosessen. Syra vert danna under nedbrytinga av kraftfôr (frå stivelse og sukker), og vert nytta som direkte energi til vekst av cellene i vomveggen.  Kalvekraftfôr er spesielt utvikla for å gje best mogleg vomutvikling. Vårt nye kalvekraftfôr TopKalv Pluss inneheld i tillegg råvarer som stimulerer til tidlegare og betre fôropptak, og tilsetjingsstoff som kan mindre helseutfordringar.

 

inside-the-rumen-at-6-weeks-of-age59fce7acde54e

Kilder:

https://extension.psu.edu/photos-of-rumen-development

https://www.extension.umn.edu/agriculture/dairy/calves-and-heifers/raising-dairy-heifer-calves-from-bith-to-six-months.pdf

 

Bileta over er henta frå eit fôringsforsøk ved Penn State University i Pennsylvania i USA, der vomutviklinga hjå kalv er samanlikna ved ulike rasjonssamansetnader. Det er heilt tydeleg at ein oppnår ei meir ruglete overflate når kalven får kraftfôr enn ved fôring av høy og mjølk. Den ruglete overflata er ynskjeleg for å få størst mogleg overflate og dermed betre absorpsjon av næringsstoff. Som bileta tydeleg syner er kraftfôr avgjerande for å få ei vom som utnyttar fôret godt.

 

2. HØGT FÔROPPTAK

Når vomma til kalven har fått byrja å utvikle seg slik at den er fordøyer fast føde bra, kan ein byrje å tenkje på avvenjing. I Norge er det vanleg å venje av kalvane frå mjølk når dei er 6-12 veker gamle. Tommelfingerregelen er at kalvane er klare for å venjast av med mjølk når dei et ca 1 kg kraftfôr kvar dag, fleire dagar på rad. Då skal fôropptaket vere høgt nok til at ikkje får ein dropp i energiinntak ved fjerning av mjølka. Ein bør likevel bruke litt skjønn – enkelte kalvar kan ha veldig god appetitt før dei er rundt 2 månadar gamle, utan at det nødvendigvis gjer eit godt resultat å kutte mjølka då. Ved for tidleg avvenjing risikerer ein redusert tilvekst og ofte diarè.

 

3. GRADVIS NEDTRAPPING AV MJØLKA

Gradvis nedtrapping av mjølk er veldig viktig, spesielt om ein fôrar med store mengder mjølk (8 l/dag og oppover). Fordi kalven får mesteparten av energien den treng frå mjølka vil appetitten på andre fôrslag ofte ikkje vere like stor som kalvar som får mindre mjølk. Ved nedtrapping av mjølka for eksempel dei to siste vekene før kalving stimulerer ein kalven til betre opptak av både kraftfôr, grovfôr og ikkje minst vatn. Stimuler òg til høgt vassopptak ved å gje kalven reint og friskt vatn kvar dag. Ved manuell fôring kan ein som sagt gjerne halvere mjølkemengda i ei veke eller to, for så å fjerne mjølka heilt. Ved oppstalling i fellesbingar bør ein vere forsiktig med små porsjonar (1 liter og nedover), då dette ofte gjer auka problem med suging. Har ein automatfôring er det ein enkel sak å leggje inn gradvis nedtrapping over ein gitt periode.  Eit regime som legg opp til ein gradvis overgong til fast føde minimerer òg risikoen for mage/tarmsjukdommar som trommesjuke og diarè. Dette er sjukdommar som ofte vert utløyst av brått fôrskifte.

 

4. UNNGÅ ENDRINGAR I MILJØ OG FÔRING

Flytting, både over i gruppebingar og til nye grupper, er eit stressmoment for kalven, som ein bør prøve å unngå akkurat rundt avvenjing. Avvenjing er eit stort nok stressmoment i seg sjølv. Stress gjer nedsett immunforsvar, i tillegg til at flytting til andre avdelingar og bingar gjer at dyra vert utsette for ein ny mikroflora. Kombinasjonen av desse to saman kan gje dyra ein knekk i tilvekst, og i verste fall sjukdom. Det same gjeld fôrskifte i denne tida – gje same type grovfôr og kraftfôr fram til minst ei veke etter avvenjing.

 

5. MINDRE PORSJONAR, IKKJE UTTYNNING AV MJØLKA

Ei løysing som ein må unngå er å venje av ved å blande saman mjølk og vatn eller å lage ei tynnare mjølkeerstatning enn det som er anbefalt. Uttynning av mjølka gjer dårlegare koagulering i tarmen, som igjen gjer dårleg opptak av næringsstoff. Risikoen for feil temperatur på mjølka er òg høgare. Ha reint, friskt vatn, kraftfôr og grovfôr av god kvalitet lett tilgjengeleg. Kalvane kan gjerne ha fri appetitt på kraftfôr fram til dei er 3-4 mnd så lenge gjødselkonsistensen er fast.

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.