<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

Enkle fôringsråd ved grovfôrmangel til mjølkeku

Mangler du grovfôr til mjølkeku? Produktsjef Kjell-Rune Vik har enkle fôringsråd.

 

GRAD AV MANGEL OG FIBERNIVÅ AVGJER TILTAK

Har du ei grovfôravling på tørrstoffbasis som er moderat til ned mot 60 prosent av normal mengde, og du samtidig har godt med struktur i graset (altså ikkje raigras eller tidleg hausta gras), vil det vere lønnsamt å erstatte heile mangelen med spesialkraftfôr tilpassa høgtytande dyr på intensiv fôring (type TopLac og Melketopp) samt delvis med fiberrikt kraftfôr (type FiberMix, Roetopp og eventuelt lusernemjøl). Dette fordi innkjøpt grovfôr i år er mykje dyrare på energibasis og har dessutan ofte ein usikker hygienisk og næringsmessig kvalitet. Ein treng då ikkje å redusere talet på fôringsdyr i det heile. Det er sentralt at auka mengde ku-kraftfôr i rasjonen må gjevast i mange små porsjonar - max 3 kilo per ku per mål. Det betyr at ei ku som skal ha 18 kilo kraftfôr må ved separat fôring ha minimum 6 rasjonar per dag.

 

EIN ELLER TO KRAFTFÔRSILOAR?

Brukar du vanlegvis TopLac eller Melketopp til kyrne, så blir spørsmålet om du har ein eller to kraftfôrsiloar til kyrne. Ved to siloar bør du fortsette med same kraftfôr og fôrstyrke som før. Fyll FiberMix på tank nr 2, trapp opp gradvis til 5-6 kg per ku per dag avhengig av mjølkeyting og grovfôrmangel. Når totalrasjonen passerer 10 kg/ku/dag, så auk med berre 0,3 kg per dag. Frå 13 kilo dagsrasjon; auk med kun 0,2 kg per dag. På denne måten unngår du «knekk i vomma» og varig skade på laktasjonskurva. Mange opplever auka produksjon (mjølk, fett- og protein-%) med denne strategien og kraftfôrtypane. Dette er svært interessant no når mjølkekvotane er auka samtidig som meieria betalar så godt for fett- og protein.
Har du berre 1 kraftfôrsilo, og brukar Melketopp, så forsøk å gradvis trappe opp rasjonane med 2-3 kg/ku/dag. Melketopp er nemleg meir fiberrik enn TopLac. Må du gje meir enn dette for å kome i mål, så vurder TopLac Fiber som er meir robust. Vurder også å kjøpe FiberMix i storsekk som du gir utanom, dosering opp til 5-6 kg per ku per dag avhengig av mjølkeyting og grovfôrmangel.

img_1892

 

FRANSK LUSERNEPELLETS

Vurder også om du har behov for lusernemjøl frå Fiskå Mølle. Denne prisgunstige fôrvara er spesielt interessant for å spare grovfôr til gjeldkyrne, men kan også inngå i rasjonen til mjølkekyrne i mengder opp til max 3 kg/ku/dag.

ROETOPP ER PERFEKT SAMAN MED TREDJESLÅTTEN

Roetopp er attraktiv i rasjonar saman med fiberfattig og PBV-rik tredjeslått, og vil her kunne erstatte deler av FiberMix-rasjonen. Andreslått og spesielt tredjeslått fungerer ofte «dårleg» som surfôr åleine; det er for lite «futt» i dette grovfôret til å gje høg mjølkeproduksjon, og effekten er heller lause magar og dårlegare fruktbarhet. Det er derfor svært ønskeleg å blande inn anna grovfôr saman med denne. Aktiv bruk av Roetopp gjer at ein lettare balanserer rasjonen og opprettheld mjølkeyting og kjemisk innhald i mjølka.

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.