<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

Hakka halm – ei vinnaroppskrift?

Kan halm framskunde utviklinga frå kalv til drøvtyggjar? Ja, seier ein nyare, spansk studie – om halmen er hakka og av god hygienisk kvalitet. Anna fiberrikt grovfôr kan gje same effekt.

 

 

Halmen i den spanske studien var hakka opp til om lag 2,5 cm og fôra ut på fôrbrettet, ved sidan av eit trau med kra fôr. Kalvane som fekk hakka halm som grovfôr auka kra fôrinntaket fram til avvenjing med 30 prosent – frå 860 gram til 1140 gram per dag, samanlikna med kalvar som fekk berre kra fôr. Ein av konklusjonane var at hakka halm av god hygienisk kvalitet er betre enn høy i tradisjonell høyhekk.

Forskarane meiner at andre typar grovfôr og vil kunne gje same e ekt dersom det inneheld meir enn 65 prosent NDF og vert kutta opp. Årsaka til dette er truleg at grovfôr aukar pH i vom, samt gjer ei betre utvikling av muskulaturen i vomveggen.

 

910a6372 (1)

Ein av konklusjonane i studien var at hakka halm av god hygienisk kvalitet er betre enn høy i tradisjonell høyhekk.

 

PH I VOM

Tidlegare forsøk på unge kalvar har vist at pH i vom o e er under den kritiske grensa på 6, som er spesielt negativt for dei mikrobane i vom som bryt ned ber.

Ved å auke vom-pH via tilføring av berrikt grovfôr vert ein større del av fôret brote ned og kjem kalven til gode.

Kicki Markusson, produksjonsrådgjevar i Dalarna i Vest-Sverige, har kome med nokre innspel til studien.

 

GROVT OG HAKKA

– Den spanske studien seier at grovfôr skal vere grovt og hakka. Men og grovt høy av luserne og raigras ga lågare tilvekst. Desse typane av høy er rekna som veldig smaklege, og kalvane åt dermed meir. Høgare inntak av høy ga redusert inntak av pellets og difor lågare tilvekst.

– Ja, det grovfôret var nok for bra. Uansett kva type grovfôr ein gir til kalvane, er det kra fôret som gir tilvekst. Grovfôr er likevel viktig for utviklinga av vom, seier Markusson. Det syner igjen i studien, der kalvane som fekk kun kra fôr kom dårlegast ut.

– Høyet som vart tildelt i studien hadde ein ganske n struktur, nare enn det som o e er vanleg i Skandinavia der me nyttar meir berrike grasartar, ifølgje Markusson. Ho synast det hadde vore interessant å sjå korleis kalvar veks på hakka høy av typisk svenske/ skandinaviske engblandingar, samanlikna med hakka halm og fôr med lange strå. Ifølgje den spanske studien er ikkje fôr med lange strå like attraktivt for kalvar og dei et mindre av dette.

 

MYKJE VATN

Kicki Markusson si erfaring er at surfôr i staden for høy og fungerer bra, men det er viktig at både tørrsto - og berinnhald er ganske høgt og ikkje minst at den hygieniske kvaliteten er god. Ho framhevar at kalven likevel et veldig lite av både kra fôr og grovfôr dei første vekene, tilveksten kjem i hovudsak frå mjølka. Desto viktigare er det at bonden har ein strategi for å auke opptaket av spesielt kra fôr fram mot avvenjinga. Difor er det bra med tidleg introduksjon av grovfôr og kra fôr. – Då har dei noko å plukke i, seier ho. Oppstalling i gruppe kontra enkeltbingar stimulerer og fôropptaket. At kalven har tilgjenge til vatn er og noko som er positivt for inntaket av kra fôr. Kalvane treng om lag 10 til 15 prosent av kroppsvekta si i vatn kvar dag.

For dei som ynskjer å prøve å gje halm til kalvane legg Markusson vekt på kor viktig god hygienisk kvalitet er – altså god lukt og frisk farge, samt ingen spor av mugg og sopp. Helst skal grovfôret ha relativt høgt tørrsto nnhald, utan å støve for mykje.

– Sommaren og hausten i or var prega av mykje regn, så det er dessverre litt utfordrande å få tak i halm og høy av god kvalitet, avsluttar ho.

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.