Navlebetennelse kan bety starten på problemer

Det er ikkje kjent kor stor forekomsten av navlebetennelse er. Likevel ser ein at det kan forekomme hos gris, særleg seinare i livet. Ein slik betennelse kan resultere i navlebrokk.

 

Frå fødsel vil ein betent navlestreng etterlate seg ein verk som svekker vevet i buken, og kan resultere i ein brokk. Bukbrokk er altså i stor grad assosiert med miljø og management, og er i mindre grad arveleg. Ein lyskebrokk skuldast derimot 90 prosent arv.

Ved kastrering er det ein gyllen anledning til å sjekke status på navler. Då blir alle hanngriser likevel løfta opp, og veterinæren kan ta ein rask kikk på navlen samstundes som grisen blir kastrert. Det er stor forskjell frå besetninger i forekomst og alvorlegheitsgrad på betennelse i navlen.

 

Stor forskjell: Det er stor forskjell frå besetninger i forekomst og alvorlegheitsgrad på betennelse i navlen.

 

EIT LITE DØGN

Navlen er open frå fødsel og eit lite døgn. Det er dette døgnet som er kritisk med tanke på infeksjon.

Difor må fødebingen og liggjearealet være så tørt og reint som mogleg. Med eit godt miljø er mykje gjort. Det blir anbefalt nokre stader å bruke spon som ikkje er skarp i kantane og dermed kan kutte i navlestrengen/navleregionen, men det er ikkje gjort forsøk som viser skilnad på ulike typer strø.

Leddbetennelser kjem som regel ved at bakteriar kjem til blodstraumen frå sår i hud, svelg eller i frå navlen. Difor er det viktig å fokusere på navlen også når ein førebyggjer leddbetennelse i besetninga. Eit studie frå USA syner 10 gonger større sjanse for at grisen er registrert med leddbetennelse ved avvenning der ein har funne bakteriar i navleregionen.

 

DESINFISERING

Navledesinfeksjon er effektivt. Ei blanding med jodsprit vil bidra til å både desinfisere og tørke ut navlestrengen. Det er dessverre vanskeleg å få tak i jod for tida, difor er det mange som leitar etter alternativer. Vetericyn super plus er flytande hypokloritt som dei siste åra har blitt mykje brukt på kalv og lam til navledesinfeksjon. Det er eit godt alternativ til gris også. Elles kan klorhexidin 1mg/ml brukast på navlen. Navlen bør desinfiserast så raskt som råd er etter fødsel. Råmjølka er sjølvsagt ein utruleg viktig faktor oppi det heile. Sikre difor at spedgrisen er sterk nok og varm nok til å komme seg bort på spenen og drikke godt med råmjølk minimum tre gonger i løpet av dei første 12 timane. Det er variasjon på råmjølka hjå ulike purker, og her kan ein gjerne drøfte råmjølksproduksjon med din faste rådgjevar.

 

 

SAMANHENG MED BROKK

Det er langt i frå alle navlebetennelser som utviklar seg til brokk. Nokre land oppgjer forekomst av navlebrokk til 1,5 prosent, andre skriv om store besetningsvariasjoner mellom 0,5 prosent til nesten 7 prosent. Det er vist gjennom forsøk at gris som har endringer i navleregionen ved 7 kilos alder, gjerne har dette også ved 30 kilos alder. Det er ein sterk tendens til at ein raud, varm og hoven navle lettare utviklar brokk ved 30 kilo.

Nokre navlebetennelser avhelast i løpet av spedgrisperioden, andre har aktive infeksjoner og fører til verkebyll som varer livet ut. Ein kan skilje ein brokk og byll ved å sjekke om ein klarer skuve innhaldet i brokken inn i buken. Tarmane sklir lett inn i buken, men ein verkebyll er det umogleg å ytte på.

Dersom det utviklast ein brokk i den svekka navleregionen, skjer det o e at brokket blir større og større. Dette på grunn av vekt av innhaldet i brokken.

 

Lurer du på noko, eller treng du konkrete råd for å førebygge navlebetennelser i din besetning?

Ta kontakt med:

Tone Runhild Skadsem

Rådgiver svin/veterinær

Epost: tone@vetskadsem.no

 

Armando Oropeza

Produktsjef svin/veterinær

Telefon: 940 32 920

Epost: armando@ ska.no