<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

Overbelegg hjå kviger reduserer tilvekst

Høgt belegg i kvigebingar gjer lågare tilvekst og dårlegare fôrutnytting.

 

Det syner data frå eit amerikansk prosjekt med Holsteinkviger, med oppstalling i bingar med forskjellig antal dyr. Formålet var å måle effekten av overbelegg.

Kvigene veg godt 400 kg ved starten av forsøket og blei overvaka i 90 dagar. Det var åtte liggjebåsar i kvar binge, som hadde eit samla areal på 84,5 m2. Bingane hadde åtte eteplassar i front. I den eine bingen gjekk det åtte kviger, medan det var 10 i den andre bingen. Tilveksten i forsøket var på henholdsvis 990 og 920 gram pr. dag. Samtidig var energiutnyttinga 10 prosent dårlegare i binga med høgt belegg.

Data frå forsøket synte og at variasjonen mellom dyr var mykje større når det var overbelegg. Hygienen vart og vurdert, og generelt var dyra reine uavhengig av belegningsgrad. Variasjonen i hygienescore var likevel større i bingen med flest dyr.

Kjelde: Kvæg, nr 4-18

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.