Lusernemjøl og roesnitter drøyer grovfôret maksimalt

Per Ådne Skårland på Jæren har grovfôrmangel, men sparer ein rundball per dag med å ta inn både 3,5 kilo lusernemjøl og 2,5 kilo roesnitter (betepulp) i fullfôret per ku per dag. – Eg hadde aldri kome opp i seks kilo roesnitter åleine, men dei to fiberrike fôrvarene utfyller kvarandre perfekt, og dermed sparer eg endå meir grovfôr. I tillegg er det mellom anna Maxammonbygg og rapsmjøl i miksen, seier han.

 

Jærkua Jersey DA drivast av ekteparet Per Ådne og Sonja Skårland. Kvota i 2019 er på vel 500 tonn. Dei har 60 jerseykyr som mjølkast i ein robot. Dei nyttar ei Kuhn fullfôrvogn (vertikalblandar) til å mikse og fôre ut fullfôrmixen til kyrne.

Jærkua Jersey har høg andel førstekalvskyr om dagen, og snitt laktasjonsdag er omtrent 180. Snitt mjølkeyting har i desember/januar vore 23-24 kilo per dag. Kjemisk innhald i mjølka er god med ein fettprosent på 6,3 og proteinprosent på 4,3. Reknar ein om mjølkeytinga til energikorrigert mjølk (EKM) blir dette 30-31 kilo per dag.

 

Fullfôrmiksen

Skårland tilset vatn i fullfôret for å minimere sorteringa på fôrbrettet. Han blandar alt det tørre i fullfôrvogna kvelden i førevegen og tilset så 1500 liter vatn. I løpet av natta svell massen godt, og blir til ein einsarta «støyp». Rett før utfôring blandast grovfôret inn, og ferdig mix har eit tørrstoffinnhald på omlag 36-38 prosent.

– Ein slik støyp må stå i minimum 3-4 timar for at vatnet skal trekke skikkeleg inn i fôrvarene, poengterer Skårland.

Han har også erfaring med importert graspellets frå ei grovfôrkrise for nokre år sidan, og erfarte at denne typen grovfôrerstattar fungerer svært godt i fullfôr.  

 

 

Fôrresepten ultimo januar:

Fôrvare

Dosering per ku per dag

Lusernemjøl

3,5 kilo

Roesnitter

2,5 kilo

Maxammonbygg

2,5 kilo

Rapsmjøl

0,75 kilo

Mineral & vitamin

300 gram

Surfôr blandingseng, 3. slått

1 ball per dag totalt

Heilsæd av kveite

1 ball per dag totalt

TopLac Nøytral

4 kilo (dosering e. yting i roboten)

 

Fôrresepten er sett opp av fôringsrådgjevar Anja Våg Skjold i TINE, der Jærkua Jersey har fast fôringsrådgiving. Skårland held fram at tett samarbeid mellom fôringsrådgjevar og bonde er avgjerande for det gode resultatet.

 

 

Lusernemjøl og roesnitter som grovfôrerstattar

– Om vi samanliknar roesnitter og lusernemjøl så har vi to heilt forskjellige fôrslag både kjemisk og fysisk. Fiberinnhaldet er rettnok omtrent på same høge nivå (omlag 40-42 prosent NDF), men lusernen er mykje høgare i råprotein og har dermed ein PBV20 på +12 gram per kilo tørrstoff (TS) kontra -64 i roesnitter, seier bonden.

– Lusernemjøl støvar mykje, og bør kjøpast enten i storsekk, eller som hjå meg: Blåsast i bulk på ein  kraftfôrsilo. Sidan siloen står ute er det greitt for meg om påblåsinga fører til at det legg seg støv på bakken. Lusernemjølet fungerer ypparleg i fullfôret, og har god smaklegheit. I tillegg er prisen slik at det konkurrerrar svært godt mot innkjøpt grovfôr. Støvet blir jo ikkje merkbart i støypen i fullfôret. Det forsvinn i fullfôrmiksen – du ser det ikkje att. Roesnittane ligg hos meg lagra direkte på golvet, poengterar bonden.

Kombinasjonen med lusernemjøl og roesnitter reduserer manglande grovfôr direkte.

– Etter min erfaring er energiinnhaldet i lusernemjøl betre enn den oppgitte NEL20-verdien på 4,78 MJ per kilo TS. På TS-basis kan lusernemjøl nesten erstatte manglande surfôr kilo for kilo, meiner Skårland. (Middels surfôr har ein NEL20-verdi på rundt 6 MJ/kg TS, forf.anm.).

Fordelen med roesnitter er den veldig stabiliserande effekten på magane. Jerseykyr reagerer veldig positivt på roesnitter, og det brukar Skårland heile året uansett avling, men aldri meir enn 3-4 kilo per dag.

– Når summen av desse to råvarene no er omlag seks kilo så er det fordi dei utfyller kvarandre veldig godt, og eg ein kan dermed kome høgare i mengde grovfôrerstattar.

Skårland legg til at han no har gått frå andre- til tredjeslått utan å endre fullfôrmiksen, og overgangen var heilt uproblematisk då gjødselkonsistens og mjølkeproduksjon er heilt stabil og fin.