toplac

TopLac® er vårt mest konsentrerte kraftfôr med omsyn til energi og protein. Det er bevisst kombinert inn fleire proteinkjelder her som sikrar fôret ein allsidig aminosyreprofil, og dermed høgare odds for ein jamnare mjølkeproduksjon med høgt protein-% i mjølka. 

Det er ein høg kvalitet av fettet i TopLac, noko som bidreg til å sikre ein god vomfunksjon, høg energiforsyning og høgast mogleg fett-% i mjølka. Innblanding av roesnittar (betepulp) forsterkar desse eigenskapane.

TopLac inneheld vidare optimale mengder med rask- og seint nedbrytbar stivelse. Dette gjer at både vomma og tynntarmen får optimale mengder med glukogene næringsstoff. Dette maksimerer den mikrobielle veksten i vomma samt gir høgast mogleg absorpsjon av næringsstoff i tynntarmen. Resultatet er eit høgast mogleg grovfôropptak, noko som kanskje er den sterkaste kvalitetseigenskapen med TopLac. 

God pelletskvalitet er vektlagt spesielt med TopLac fordi vi veit at det er ekstra viktig til høgtytande kyr.

TopLac-serien er førstevalet i mjølkerobotar samt der ein ønsker høge produksjonsnivå basert på høgt surfôropptak og høge mjølkeytingar. Dette kombinert med høgt kjemisk innhald i mjølka, god helse og fruktbarheit.

Det er ikkje utan grunn at vi trur TopLac er Norges mest effektive kraftfôr.