Slik får du høgare tilvekst på kalv

Kalv som kun drikk mjølk blir blodfattig etter nokre veker, og får symptom på ulike mangelsjukdomar. Nå kan du løyse denne utfordringa med Denkacare Heilmjølktilsetning.

 

Betre utnytting av heilmjølka

Heilmjølk dekker ikkje behovet

Gradvis redusert tilvekst, svakare immunforsvar og høgare dødelegheit er eit resultat av einsarta fôring. Mjølk frå kua dekker ikkje behovet til kalven på eire område.

Figur 1 viser at kalven sitt behov for eire sporsto og vitamin er langt større enn tilførselen frå heilmjølk. Etter eit par veker med heilmjølkfôring vil kalven få altfor lite jern, mangan, kobolt, vitamin A, D og E.

 

Fremstilling av Behov pr kg TS og Innhald pr kg TS

FIGUR 1: Behovet for mikromineral og vitamin er langt større enn tilførselen frå heilmjølk.

 

MED DENKACARE HEILMJØLKTILSETNING FÅR DU 

  • sterkare immunforsvar 

  • lågare dødelegheit 

  • blankare pels og mørkare snute 

  • meir vitale kalvar 

  • betre tilvekst

 

Kalv 

 

Jernmangel hemmar tilvekst

Årsaken til jernmangel skuldast delvis lite jern i blodet frå fødselen av, samt avgrensa evne til å ta opp jern frå mjølk. Vidare er innhaldet av jern i kumjølka veldig lågt, og vil ikkje dekke kalven sitt behov. Dette hemmar tilveksten.

I Holland er det derfor vanleg å ta blodprøver frå alle kalvar, og gje dei med påvist anemi ein injeksjon med jern. Nye forsøk tyder imidlertid på betre respons av å fôre kalvane med utvalde jernpreparat som Denkacare Heilmjølkstilsetning.

  

Symptom

Kalvar med svært lågt hemoglobinnivå har typisk bleik snute og kan lett behandlast. Mange har derimot skjult anemi, noko som ikkje kan påvisast utan blodprøver.

  

Friskare og meir vital kalv med Denkacare Heilmjølktilsetning

Høgt innhald jern, vitamin og makromineral gjer at kun 5-10 gram pr liter mjølk er nok til å halde kalven sunn. Det tilrådast å bruke den lettløyselege tilsetninga ved alle fôringar i heile mjølkefôringsperioden (frå fødsel til avvenning).

Ved dosering 5 g pr liter vil mjølka få ein pH på 5,9. Ved 10 g pr liter blir pH 5,5.

Mjølketilsetninga kompletterer heilmjølka på ein perfekt måte. Kalven vil då utnytte heilmjølka betre. Du kan no forlenge mjølkefôringa om du vil.

Denkacare Heilmjølktilsetning kan òg brukast i råmjølka, noko som isolert sett gjer denne sunnare for kalven. Men erfaringsvis vil råmjølka koagulere med det same det tilsettast, noko som er uheldig for stabiliteten.

 

UNNGÅ JERNMANGEL MED ØKT TILFØRSEL AV  
  • jern
  • mangan
  • sink
  • kopar
  • kobolt
  • magnesium
  • vitamin
  • makromineral

 

 

Betre haldbarheit

Denkacare Heilmjølktilsetning gjev redusert bakterietal og meir stabil heilmjølk. Dette gjer det lettare for kalven å koagulere mjølka i løypemagen, noko som ofte er eit problem ved kald eller kjølig servering.

 

Jernnivået hos kalv er lågast 4-5 veker etter fødsel

Jernnivå hos kalv

FIGUR 2: Raude blodceller inneheld hemoglobin som inneheld jern. Optimalt nivå er 7 mmol/l. Figuren viser hemoglobinnivået frå 109 kalvar, 14 dagar etter fødsel. Vi ser at storparten har mindre hemoglobin enn anbefalt nivå, og mange kalvar lir av stor mangel på hemoglobin/jern. Rein anemi reknast når verdien er under 4-5 mmol/l.

 

MED HEILMJØLKTILSETNINGA FÅR DU

  • betre utnytting av heilmjølka 

  • frisk og meir vital kalv 

  • høgare tilvekst 

  • auka lønsemd

 

Gje kalven ein betre start med Denkacare Heilmjølktilsetning.