<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

Haldbare sugger: Suggefôr i staden for slaktegrisfôr til rekrutteringsdyr

Ein del produsentar bruker slaktegrisfôr til rekrutteringsdyr. Norsvin har sett som mål at suggene skal få minst 5 kull før dei må utrangerast. For å oppnå dette er blant anna utval av smågris og fôringa fram mot inseminering svært viktig.

 

Rekrutteringsdyr treng allereie frå ca. 50 kg eit kraftfôr og ein tilvekst som er tilpassa livstidsproduksjon. Det er anbefalt at rekruttar skal ha ei moderat  vekstkurve, ca. 700-750 gram tilvekst per dag. Viss ein bruker slaktegrisfôr (Opti Norm eller Opti Norm våt), må ein då redusera fôrkurva med om lag 20 % i forhold til vanleg kurve for slaktegris.

I ein slik situasjon treng dyra ekstra vitamin- og mineraltilskot for å unngå manglar. Ved bruk av Opti Norm eller Opti Norm våt er behovet ca. 40 gram VitaMineral Svin per dyr per dag, gitt 5 dagar per veke. Utan ekstra mineraltilskot vil forbeininga verta dårlegare som følgje av at kalsium- og fosfornivået går ned ved reduksjon i fôrkurve. Då vil dyra risikera å få beinproblem seinare i livet.

 

REDUSER FAREN FOR LIGGJESÅR

Eit slaktegrisfôr er designa for å gje høg tilvekst, vekst av muskelmasse og minst mogleg avleiring av ryggspekk. For rekrutteringsdyr ønskjer ein som nemnd lågare tilvekst, men også meir spekk for at «putene» på bog og hofter skal vera litt tjukkare. Dette for å redusera faren for bogsår/liggjesår i laktasjonsperioden. Kroppen vert dermed meir haldbar.

 

«Kraftfôr til sugger, slik som Opti Drektig og Avlsfôr, tek omsyn til beinbygging, redusert tilvekst, klauver, mage-/tarmhelse og auka ryggspekk (12-14 mm).»

På bakgrunn av dette rådar me smågrisprodusentar til å

  • bruka smågrisfôr fram til ca. 35 kg (kan halvblanda med Avlsfôr dei siste to vekene) og deretter bruka Avlsfôr fram til ca. 60 kg. Etter ca. 60 kg: Opti Drektig.

Eller

  • bruka smågrisfôr fram til ca. 35 kg (kan halvblanda med Avlsfôr dei siste to vekene) og deretter bruka Avlsfôr.

Eventuelt

  • bruka smågrisfôr fram til ca. 35 kg (kan halvblanda med slaktegrisfôr dei siste to vekene) og deretter bruka slaktegrisfôr fram til ca. 60 kg. Etter ca. 60 kg: Opti Drektig.

 

svin

 

ROESNITTER FOR GOD METTHETSFØLELSE

Opti Drektig er eit drektighetsfôr som òg passer godt til rekrutteringsdyr frå om lag 60 kg vekt. Årsaka til at ein bør venta til ca. 60 kg er at det inneheld store mengder roesnitter (inneheld 15 prosent). Roesnittene skal blant anna gje suggene god metthetsfølelse (svell i magen), og kan avgrensa fôropptaket for mykje dersom ein gjev det før grisene er store nok.

Danske forsøk viser at særleg fiber frå roesnitter, gitt i heile drektighetsperioden, gjev fleire egg i purka slik at kullstorleiken aukar.  I tillegg gjev roesnitter gode tarmforhold/tarmperistaltikk. Opti Drektig har motsett aminosyreprofil i forhold til slaktegrisfôr og lågt energiinnhald. Dette fremjar avleiring av feitt i staden for muskel. Vitamin- og mineralinnhaldet er tilpassa livstidproduksjon.

 

AVLSFÔR TIL REKRUTTERING

Avlsfôr er eit kombinasjonsfôr brukt til rekruttering, drektighet og laktasjon. Det inneheld noko mindre mengd roesnitter, og dermed kan ein gje dette frå ca. 35 kg vekt. Aminosyreprofilen er betre tilpassa drektighet og laktasjon enn tilvekst. Bør brukast saman med godt grovfôr. Vitamin- og mineralinnhaldet er tilpassa livstidproduksjon.

 

 

Fiskå Mølle har dedikerte rådgivere som hjelper deg med å velge riktig fôringsstrategi

 

KONTAKT RÅDGIVER

Armando Oropeza - fagsjef svin

Mob: 940 32 920

E-post: armando@fiska.no

 

Tone-Runhild Skadsem - veterinær og rådgiver

Mob: 915  50 159

E-post: tone_runhild@hotmail.com

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.