Fiskå Mølle har tilpassa drøvtyggarfôret

Den låge norske kornavlinga i sommar ga auka importkvotar for råvarer til kraftfôr. Sidan kraftfôrforbruket vil bli ekstra høg framover vinteren og våren har Fiskå Mølle derfor valgt kvalitet av importerte råvarer «frå øverste hylle». Vi har gjort ein kunnskapsbasert tilpassing av kraftfôret slik at intensivt fôra dyr får god produksjon trass i redusert grovfôrandel.

 

Ofte dyrt grovfôr på bygdene

Etter kva vi høyrer omkring rundballeprisane på bygdene vil kraftfôr i komande vinter ofte vere det billigaste alternativet på energibasis, samt i forhold til kva respons du oppnår i dyret (mjølk og kjøt).

 

 

Vi har gjort ein kunnskapsbasert tilpassing av kraftfôret slik at intensivt fôra dyr får god produksjon trass i redusert grovfôrandel.

 

Våre viktigaste kraftfôr ved grovfôrmangel

Både TopLac® og Melketopp™ har no eit høgare innslag av fiberrike roesnittar, samt råvarer som gir «bypass-stivelse» enn forrige sesong (t.d. frå mais, erter etc.). Dette gjer at vommiljøet blir betre teke i vare enn i forrige sesong der nivået av norsk korn var høgare enn på mange år. Våre høge nivå av bufferstoff haldast sjølvsagt oppe slik at vi stabiliserer vommiljøet også kjemisk. Er du på jakt etter mest mogleg mjølk, er TopLac førstevalet. Fyller du kvota likevel, så er Melketopp førstevalet i topplaktasjonen.

 

FiberMix™ frå anlegget i Rogaland vil framleis innehalde høg andel valsa maxammonhavre, noko som gir basisk (alkalisk) pH i kraftfôret og langsam frigjeving av stivelse. FiberMix inneheld også smakleg lusernemjøl, roesnittar, kveitekli, havre, fiberrikt rapsmjøl og (som før) normal dosering vitamin og mineral med eit kopar-nivå tilpassa sau. PBV er positiv (+28), noko som er ønskeleg saman surfôr og kraftfôr med nøytral PBV. Andre anlegg produserer FiberMix basert på høg andel roesnittar, fiberrik havre, kveitekli etc., og næringsinnhaldet elles er likt.

 

TopLac® Fiber er eit nytt spesialprodukt som for tida består av 70 prosent TopLac Nøytral og 30 prosent FiberMix. Er høgaktuell i besetningar med berre 1 kraftfôrsilo, og som ønskjer både rasjonell fôring og bulkpris på alt kraftfôr. PBV er svakt positiv. Ved middels grovfôrkvalitet kan mengde kraftfôr aukast med kring 30 prosent for å spare grovfôr. Fåast i storsekk og bulk. Prisen reflekterer blandingsforholdet.

 

TopBull™ MAX har høg andel norsk, valsa maxammonbygg, og bidreg til meir stabilt vommiljø trass i ekstra høgt innhald av stivelse. TopBull MAX sikrar eit høgare tal mikrobar i vomma, og oksen svarar med høgare tilvekst enn på andre kraftfôr. PBV er nøytral. Fôret er veleigna til hard fôring, og sidan respons i tilvekst er så god så er dette førstevalet også når ein har grovfôrmangel.

 

Sau/Lam Appetitt™ har svært høgt innhald av roesnittar, noko som  gjer at besetningar med stor grovfôrmangel betre vil lykkast både før og etter paring.

 

Sauefôr Drektig er eigentleg ein spesialvariant av Nor500, men inneheld så høg dose vitamin/mineral at 3-5 hekto per dag dekkjer behovet til drektige søyer og lam. Ekstra vitamin E er dermed overflødig. Tilbydast frå oktober – april.

 

Roetopp® er ein fiberrik og velsmakande grovfôrerstattar som dels betrar magane og skjerper appetitten, og som dels seinkar urea i mjølka effektivt. Maks 4 kg/ku/dag (geit: maks 4-5 hekto).

 

Klikk her for å bestille drøvtyggarfôr eller her for å kontakte din rådgiver