Kunnskap

Fiskå Mølle tek i bruk ORKEL X-NIR

Skrevet av Fiskå | Jun 1, 2019 1:16:00 PM

NIR-analyser har vore den mest brukte analysemetoden for grovfôr i Norge i mange år.


NIR, eller NIRS, står for Near-Infrared Spectroscopy. Som namnet tilseier så nyttar denne metoden seg av den delen av lysbølger som vert kalla det nær-infraraude spekteret. Ein prøve av grovfôr vert utsett for nær-infrarau-stråling, og utstyret måler kor mykje av kvar lysbølgelengd som vert reflektert frå prøven. Refleksjonen vert kalla eit spekter. Spekteret inneheld informasjon om den kjemiske samansetninga til prøven. Ulike molekylære bindingar absorberer dei nær-infraraude lysbølgene på forskjellige måtar, og spekteret vert på denne måten brukt til å fastsetje den kjemiske samansetninga av grovfôret.


Fordelen med NIR-analyse er at det tek kort tid og at det er mykje mindre kostbart enn ein kjemisk analyse. Sjølve analysen tek kun 16 sekundar å utføre. Svakheita med NIR-analysen er at den har lågare nøyaktigheit enn den kjemiske analysen. Det er òg viktig med kalibreringar av NIR-instrumentet for å oppretthalde høgast mogleg nøyaktigheit. Kalibreringar vert gjort ved å bruke fleire kjemiske analysar som «fasit» og justere NIR-instrumentet etter desse.

X-NIR ser ut som ein slags pistol og er veldig enkel i bruk. Instrumentet fungerer på same måte som eit tradisjonelt NIR-instrument.

 

Dei siste åra har det kome fleire mobile NIR-apparat som kan brukast ute i felt. Dette inkluderer mellom anna Orkel X-NIR, som er levert av det italienske firmaet Dinamica Generale. X-NIR ser ut som ein slags pistol og er veldig enkel i bruk. Instrumentet fungerer på same måte som eit tradisjonelt NIR-instrument. Målenøyaktigheita er av leverandøren oppgitt til å vere 2-3 prosent. Me i Fiskå Mølle ser føre oss at dette kan vere eit supplement til tradisjonelle fôrprøver og at det vil vere spesielt nyttig i situasjonar der ein raskt må ha svar på grovfôrkvaliteten (det vere seg fôrskifte, ved val av nytt kraftfôr og så vidare) og gjerne hjå bønder som blandar inn andre fôrmiddel i grovfôret. I sistnemnte eksempel er det viktig å sjekke at blandinga på fôrbrettet faktisk stemmer overeins med resepten for å kunne evaluere fôrmiksen. Eit anna spanande bruksområde er å måle tørrstoff over tid for å berekne fôreffektivitet. Fiskå Mølle håpar at dette kan verte eit nyttig hjelpemiddel som kan gje endå betre resultat for våre kundar.


I og med at dette framleis er i startgropa vil det ta litt tid før me kan tilby fullstendige analysar med X-NIR. I første omgang må me ta ut ein del prøvar til kalibrering av apparatet – desse vert sende til kjemisk analyse for å sjekke at nøyaktigheita er høg nok. Orkel har i tillegg eit prosjekt gåande som skal gje nye kalibreringar basert på norske forhold og verdiar. Dette er forhåpentlegvis klart i løpet av sommaren/hausten slik at me kan bruke X-NIR for fullt til analysesesongen. I første omgang vil X-NIR av praktiske årsakar prøvast ut i Sør-Rogaland og Agder, men me håpar å utvide tilbudet til andre deler av landet etter kvart.