Kunnskap

Kle på kalven i kulda

Skrevet av Fiskå | Nov 21, 2024 6:24:55 AM

No er det kaldt ute! Om du ikkje allereie har funne fram dekken og kledd på kalvane, er det på høg tid.

Av: Maren Bjorland, fôringsrådgjevar drøv

 

Alle dyr har ei såkalla termonøytral sone – eit temperaturområde der dyret ikkje treng å bruke energi på verken å halde seg varm eller kvitte seg med overskotsvarme. Grenseverdiane vert kalla øvre og nedre kritiske temperatur, og i Norge vinterstid er det sjølvsagt nedre kritiske temperatur me fokuserer på. Dei yngste og minste dyra har det høgaste temperaturkravet før dei må bruke energi på å halde varmen, og me snakkar ofte om at grensa for nyfødde kalvar går ved ca. 10-15 grader (Silva & Bittar, 2019). Etter kvart som kalven veks endrar denne nedre grensa seg, og allereie ved 4 veker er temperaturkravet senka til berre 0-5 grader.

 

Spar på energien

Årsaka til at me ynskjer å unngå at kalven brukar energien sin på å halde varmen er at det går på kostnad av energi til vekst og oppretthalding av immunforsvar. Me risikerer altså at kalven både veks mindre (Williams, 2015) og vert lettare sjuk (Marsh et al., 2017) når me ikkje tilpassar oss lufttemperaturen i kalveavdelinga. Ved å bruke kalvedekken i den kaldaste tida på året hjelper me med andre ord kalvane til å spare på energien. For sjuke kalvar og kalvar som vert oppstalla ute er kalvedekken eit must, og ettersom nedre kritiske temperatur for nyfødde kalvar faktisk er så høg som 10-15 grader så er det mange som kunne fått ein fordel av å bruke kalvedekken også på kalvar som er oppstalla innandørs. Fiskå Mølle sin anbefaling er å bruke kalvedekken på alle spedkalvar når temperaturen kryp under 10-15 grader, uavhengig av oppstallingsforhold og fjøstype. Hugs at kalven må vere tørr før dekkenet vert teke på, sånn at det ikkje virker mot sin hensikt.

 

Ved å bruke kalvedekken i den kaldaste tida på året hjelper me kalvane til å spare på energien.

 

Kalvedekken er fornuftig investering

Kor lenge kalven bør ha på dekkenet vil variere etter temperaturen, men ein 4 veker gamal frisk kalv har som regel liten nytte av den ekstra isoleringa som kalvedekkenet gjer. Kalvar som var små ved fødsel kan gjerne ha det på litt lenger pga. kroppsstorleik, og sjuke kalvar bør ha på seg dekken fram til dei er friske. Dekkenet bør vaskast mellom kvar kalv for å unngå smitte. Hugs å justere reimane etter kvart som kalven veks så dei ikkje vert for strame og skapar ubehag.

Kalvedekken er ein rimeleg måte å spare energibruken til kalvane på – pris ligg stort sett på ca. 500 kr for eit dekken som med rett bruk kan vare i fleire år. Det er i tillegg veldig enkelt i bruk, så vår påstand er at kalvedekken er ein fornuftig investering som ein får mykje igjen for. Utover å ta i bruk kalvedekken er det ekstra viktig å sørge for ein tørr og isolerande liggeplass for kalvane i kulda, og gjerne også auke opp mjølkemengda for å ta høgd for å unngå at tilveksten stagnerer i den kaldaste tida.