Ved å tilføre 4 kg ekstra nitrogen og 1 kg ekstra svovel pr. daa ved vekststart har raigras respondert med opp til 15% meir avling.
Av: Ole Arnfinn Røysland, NLR Rogaland
Frå våren av er jorda kald og næringsreservane er vanskeleg tilgjengeleg for grasplanta. I ein serie med bladanalysar i tidsrommet 2017-2020 registrerte NLR Rogaland at det ofte var mangel på svovel i grasplantane fram til siste halvdel av mai. I tidlegare forsøksseriar med tidleg tilførsel av nitrogen og svovel til timotei er det liten eller ingen effekt på avling. Raigras startar veksten tidlegare på våren enn timotei. Difor etablerte NLR Rogaland og Fiskå Mølle eit forsøk for å undersøke om raigras responderer på ekstra tilførsel av nitrogen og svovel ved vekststart.
Det vart lagt ut to forsøksfelt på Jæren. Eit på hjå Arnfinn Horpestad på Refsnes og eit hjå Lars Dyre Nærland på Torland. Begge felta var på jord med god pH og med relativt ny raigraseng. Forsøket bestod i å tilføre ekstra nitrogen og / eller svovel utover ordinær gjødsling like etter vekststart, kring 20. mars. Følgande behandlingar vart forsøkt:
- Kontroll (Ingen ekstra gjødsling)
- 4 kg ekstra nitrogen (tilsvarer 15 kg 27-0-0/daa)
- 1 kg ekstra svovel
- 3,8 kg ekstra svovel
- 4 kg ekstra nitrogen og 1 kg ekstra svovel (tilsvarer 17 kg Sulfan/daa)
- Bladgjødsel nr 1 - 0,2 kg nitrogen og 0,3 kg svovel
- Bladgjødsel nr 2 - 0,1 kg nitrogen og 0,25 kg svovel + øvrige nærignsstoff
Alle behandlingane vart utført i tre ulike ruter på kvart forsøksfelt.
Felta vart hausta 1. og 2. juni 2022. Det var generell god avling på begge felta. Kontrollrutene hadde ei gjennomsnittsavling på 672 kg TS/daa og 695 kg TS/daa. Dette er godt over normalavling. På lett sandjord på Refsnes gav det best effekt å gjødsle med ein kombinasjon av 4 kg nitrogen og 1 kg svovel som vanleg mineralgjødsel. Dette gav 15% auka avling. På tyngre jord på Torland fekk ein ikkje avlingsauke ved tilføre svovel i tillegg til 4 kg nitrogen som vanleg mineralgjødsel. Òg her fekk ein 15% auka avling. På grunn av at det var store avlingsforskjellar mellom forsøksrutene som fekk lik behandling kan ein likevel ikkje seie at effekten er statistisk sikker.
Ved låg jordtemperatur er næring som bladgjødsling lettare tilgjengeleg for planten. I forsøket gav bladgjødsling òg utslag, men for å unngå sviskadar på graset var det ikkje mogleg å tilføre like store mengder næringsstoff som bladgjødsel. Forsøket viser likevel mest avlingsauke pr. kg tilført nitrogen når dette er tilført som bladgjødsel. Skulle ein tilført like mykje næringsstoff gjennom bladgjødsel, måtte ein tilført dette i 8 separate gjødslingar. Det vil neppe vere verken økonomisk eller arbeidsmessig forsvarleg.
Figur 1. Relativ avlingsmengde målt mot kontrollrute. Avlingsmengda i kontrollrutene er satt til 100.
NLR Rogaland vil gjenta forsøket for å verifisere forsøksresultata.
Takk til Fiskå Mølle for økonomisk støtte til forsøket. Takk òg til Arnfinn Horpestad og Lars Dyre Nærland for tilrettelegging og lån av eng til forsøksverksemd.