-Avvenninga med mjølk er hard og kontant. Kalvane yttast over i avdelinga for eldre kalvar (4 – 8 månader), der dei berre får fri tilgang til «kumiksen» (fullfôrmiksen til mjølkekyr), samt vatn. Det blir noko rauting i starten, men det går fort over. Det er sikkert ikkje heilt etter boka, men vi trur dei veks godt, ler Lynum.
Kvigene får deretter ein eigen fullfôrmiks, ein «kvigemiks». Den består av 93-94% surfôr og 6-7% snitta halm, pluss vitamin/mineral (Premium KornKross). Denne får dei som einaste fôr nesten fram til dei skal kalve (alder 8 – 23 månader).
-Tanken med å gje kvigene kutta halm i oppdrettet er at dei skal få eit stort vom-volum,
då vil dei ha større opptakskapasitet når dei kalvar, fortel Frode som har målsetning om at kyrne skal vere 24-26 månader ved kalving.
Dei brukar eigen halmkuttar før halmen leggast i fullfôrvogna. Skal ein berre kutte halmen i fullfôrvogna så går det altfor lang tid, og resultatet kan bli «mosa halm» framfor «kutta halm». Det gir ein viktig strukturforskjell, poengterer Frode.
FÔRING MED FULLFÔR
Bruket har 2 stasjonære fullfôrmiksarar, men totalt 3 fullfôrrasjonar blandast.
-Vanlegvis har førsteslåtten best kvalitet. Mjølkekyrne får ein høgare del av det beste surfôret i grunnblandinga, mens kvigene får mykje andreslått i sin miks, forklarer han.
Samansetninga av miksen til mjølkekyrne varierer ein del over tid, men inneheld Melketopp Høg, brød (frå bakeria) og oftast ein del snitta halm i tillegg til vitamin og mineral. Mengda brød er ca. halvparten av Melketopp mengda. Han er usikker på om brød har negativ påverknad på fett-% i mjølka, men trur fortsatt det løner seg ettersom brød er ein rimelig fôrvare.
Gjeldkyrne får ein eigen energifattig miks med ca 40% snitta halm. Her ser dei helst at 2. slått surfôr blandast inn saman med vitamin/mineralblanding.
Utanom at dei held seg til 8% brød (ca 3 kg per ku per dag), held Lynum familien korta litt tettare til brystet når det gjeld kumiksen. Nokre hemmelegheiter vil dei ha for seg sjølv, men understrekar:
-Miksen må vere rett samansett, det er kjempeviktig. Også må den vere lik kvar dag. Elles er det berre å prøve seg fram seier han med eit stort smil.