Beite og fôring av mjølkekyr

Fleire av landets mest høgtytande besetningar har aktiv beitedrift. Dei seier rett ut at mjølkeytinga går ned i beiteperioden, men at dyra har godt av å vere ute på grønt gras. Det gir friskare og meirlivskraftige kyr. Helse og trivsel veit vi har stor betydning for avdrått og fruktbarheit. Erfaringa til desse bøndene tyder på at ting heng i hop likevel: Beiting er investering i kua!

 

Av: Produktsjef drøvtyggarfôr Kjell-Rune Vik

I denne artikkelen skal vi gje nokre tips til korleis du bør velje og dosere optimalt kraftfôr når målet er å oppretthalde mjølkeproduksjon og kjemisk innhald i mjølka. 

Overgang til beite bør skje gradvis

Overgong til beite gjer erfaringsvis at ein risikerer fall i både mjølkeyting og fettprosent i mjølka. Risikoen er størst når beitekvaliteten er god, samt i overgongen frå surfôr til beitegras. Overgong til beite medfører ei stor endring i fôrrasjonen til kyrne. For å oppnå ein mjukare overgong bør kyrne den første veka fôrast inne med vanleg surfôr før ein slepp dei ut på dagbeite. Opphaldet ute bør innleiingsvis vere berre nokre få timar midt på dag. Om kvelden/ natta og om morgonen gis surfôr som vanleg – den første tida. Det er ein stor fordel om dette surfôret inneheld ein del fiber (NDF > 520 g pr kg TS).


Mange bønder held fast på dei opphavlege kraftfôrmengdene dei første ein-to vekene etter beiteslepp, men om beitekvaliteten er god (15-20 cm langt gras) tilrår vi likevel å redusere gradvis dei dagleg tildelingane av kraftfôr allereie etter få dagar. Høgtytande kyr (> 30 liter mjølk/dag) bør etter kvart få ein reduksjon på 0,5 – 1,0 kg pr dag frå tre-fire dagar på beite og fram til det er gått ei veke. Dette fordi ungt beitegras er så sukkerrikt, fiberfattig og smakeleg (!), at kuvomma som følgje av for stor tilgang på lettomsettelege næringsemner, ikkje greier å halde oppe pH. Vombelastninga kan altså bli for høg, noko som ”slår ut vomma” og gir diaré. Ein oppnår då fall i fettprosenten i mjølka, svekka vomfordøying og redusert appetitt på kraftfôret. Også mjølkeytinga kan bli svekka om ein ikkje reduserer kraftfôrmengda. Etter to veker er vomma betre tilpassa grønt gras, og ein kan då gje surfôr berre om natta, evt. gå over til beiting heile døgnet dersom beitesitasjonen og vêrforholda tillet dette.

  

 

Skifte kraftfôr? Streb etter stabile forhold!

Ei velfungerande mjølkeku som på innefôring er høgt i produksjon, svarar alltid positivt på stabile forhold utover i laktasjonen. Å endre frå surfôr til beitedrift er ei svært krevjande endring om du ikkje i tillegg også skal endre på kraftfôret! Det er derfor viktig å ha denne kunnskapen i mente – spesielt dei første 2 vekene av beitesesongen. Utviklingstrinnet på graset samt urea-målingar av tankmjølka avgjer om du deretter skal skifte kraftfôrkvalitet. Brukte du ei Nøytral-blanding av TopLac eller Melketopp på innefôringa, og har ein urea i tankmjølka to veker etter beiteslepp på mellom 7 og 9 mmol/l, så bør du skifte til TopLac Låg eller Melketopp Låg på neste lass.

 

 

Urea i mjølka

Underteikna si tilråding for målområde for urea i tankmjølk: 4,5 til 6,0 mmol/l. Risikoen ved mangel på PBV (under 3,5 i urea) er eit redusert fôropptak på beite, og lågare mjølkeproduksjon. Fiberfattige rasjonar er meir sårbare ved fall i urea enn fiberrike då lite drøvtygging fører til låg resirkulering av urea til vomma via spyttet. Unngå samtidig verdiar over 7 mmol/l, då dette gir svak fruktbarheit og noko redusert mjølkeyting. Urea-verdiane i tankmjølka går opp ca 1 poeng om ein skiftar frå Låg-blanding til Nøytral-blanding, men responsen her er dose avhengig.

 

Beitekvaliteten påverkar kraftfôrval og -dosering

Veit du at graset snart vil vekse over og bli langt, vil du snart ha behov for eit kraftfôr med nøytral PBV. For om graset utover forsommaren får utvikle seg i lengde, så blir det meir stenglar og mindre bladmasse. Fiberinnhaldet går opp og proteininnhaldet (PBV) går ned. Då vil urea i mjølka falle, og gjødsla bli fastare. Når urea nærmar seg 4,5 og vidare ned mot 4,0 er det fornuftig å auke PBV i kraftfôret: Skift frå Låg til Nøytral, eller frå Nøytral til Høg. Samtidig er det ofte nødvendig å auke kraftfôrmengdene for å oppretthalde ytinga. Sjå tabellen under for tilrådde kraftfôrmengder på beite.

 

Dosering av Fiskå-kraftfôr (kg pr dag) på ulike beitekvalitetar og ytingsnivå:

Yting, kg pr dag

Ungt godt beite

Middels beite

Svakt beite/utmark

15

-

1

3

20

1

3

5

25

3

5

7

30

5

7

9*

35

6

9*

11*

40

7

 11*  13*

* Doseringane her krev kraftfôrautomat eller sterk oppdeling av rasjonen, maks 3 - 3,5 kg pr mål. Alternativt: Set tak på 7 kg/dag.

 

Beiting i robotbesetningar

Fall i mjølkeytinga på beite er også gjeldande for robotbesetningar, noko som er vist i både norske og utanlandske forsøk. Mjølkefrekvensen går ned, og årsaken er veldig avhengig av vilkåra som kyrne får. Er beitet like ved fjøset, så kjem kyrne hyppigare inn når beitekvaliteten er svakare eller redusert, eller om vêret er for varmt eller vått til å vere ute. Då påverkast ikkje ytinga så mykje, spesielt om ein då tilbyr godt surfôr eller helst fullfôr inne. Men skjer beitinga på skifte lenger vekke, så er ein prisgitt både beita og vêrforholda. Når beita er gode og veret er godt, så blir mjølkefrekvensen låg for gjennomsnittskua. I alle fall om ein ikkje set inn tiltak (t.d. å jage dei inn til mjølking).


Utfordringa er størst dersom avstanden til beitet er meir enn ein 250 meter. Skal ein oppretthalde mjølkeytinga, stiller det høge krav til beitekvalitet. Skiftebeiting er ofte best. Beitearealet må vere forholdsvis stort. Nibio antyder maksimum 0,8 dyr pr dekar i intensive system for skiftebeiting. Hugs òg god tilgang på vatn både inne og ute. Alle kyr drikk masse vatn like etter mjølking, og det er derfor gode erfaringar med å tilby vatn (frå vannspeil) like etter utgangen frå mjølkeroboten.