Maxammonbygg - akuell også på beite?

På innefôring har vi sett at gjødselkonsistensen til kyrne oftast blir fastare av å fôre med maxammonbygg. Dette også i rasjonar som har lågt innhald av fiber. Effekten synes å vere betre enn å bruke fiberrike roesnittar (Roetopp). Eit rimleg spørsmål er derfor om maxammonbygg er eit potensielt nytt og effektivt norsk fôrmiddel til mjølkekyr på beite.

 

Av: Kjell-Rune Vik, produktsjef drøvtyggarfôr

Av: Maren Bjorland, rådgjevar drøvtyggarfôr

 

Sidan vi lanserte maxammonbygg hausten 2015, manglar vi konkrete norske beiteerfaringar. Men vi vil gjerne by på litt «høgttenking»/refleksjonar omkring emnet.

Som hand i hanske til ungt beitegras?

Utfordringa med ungt beitegras er dei store mengdene med lettfordøyelege næringsemner, og den raske passasjehastigheita gjennom vomma. Om vomma ikkje taklar dette så får ein lause magar, dropp i produksjonen av mjølk og fett, og redusert fôrutnytting. Vi stiller derfor spørsmålet om maxammonbehandla bygg kan auke fôrverdien av beitegraset ved at vomma betre taklar store mengder beitegras. Kan det vere at pH i vomma ikkje blir like låg? Og at gjødselkonsistensen blir fastare også her? Og at fett-% blir høgare, og at mjølkeytinga held seg betre oppe?

 

Urea i mjølk

Urea i mjølka stig vanlegvis på ungt beitegras. Spesielt dersom mineralgjødsla har blitt oppbløytt før beiteslepp slik at nitrogenet er frigjort og absorbert. PBV20 i maxammonbygg er nøytral eller svakt negativ, og urea i mjølka vil derfor minke jo høgare nivå maxammonbygg i rasjonen. Men det kan vere at raigras, kløverrikt beitegras og anna godt gjødsla gras på svært tidleg utviklingtrinn blir for PBV-rikt, slik at anna kraftfôr med negativ PBV må inn i rasjonen i tillegg for å balansere proteinfôringa. T.d. ved bruk av TopLac Låg og Melketopp Låg som har PBV20 på -11 g pr kg TS.

 

Mineral og vitamin – nytt tilskotsfôr

Dersom du vil teste maxammonbygg til mjølkekyrne må du hugse å gje ei mineral- og vitaminblanding i tillegg. Vi tilrår den nye Premium KornKross. Den er rik på kalsium, og inneheld dessutan tilpassa mengder svovel slik at vommikrobane betre utnyttar NH i maxammonbygg samt N-fraksjonar frå ungt beitegras. Svovel er viktig fordi vombakteriane inneheld ein god del svovelhaldige aminosyrer, og mangel kan hemme deira vekst og utvikling. Vi har stor tru på å maksimere den mikrobielle veksten i vomma fordi dette er den mest økonomiske og effektive måten å auke produksjon av mjølk og kjøt på.

 

Eit anna relevant alternativ er å gje Premium Brød/Korn, som er spesielt rikt på magnesium, og som er aktuell i fullfôr der ein gir fôrkalk (kalksteinsmjøl) i tillegg.

 

Fôring i praksis

 

Vi trur at ein får best respons av å kombinere maxammonbygg med AAT-rike kraftfôr som TopLac og Melketopp.

Mengda maxammonbygg bør vere så stor at ein får stabilisert vomma, kanskje 3-4 kg er høveleg mengde på godt beitegras?

Korleis ein skal gå fram i praksis på kvar gard vil variere stort, men kontakt oss gjerne om du vil drøfte eit fôringsopplegg.