Fiskå Mølle registrerer at samtlege store kraftfôraktørar i Norge no ønsker å bidra til meir openheit rundt NorForverdiar i kraftfôrblandingar - dette er positivt!
Tekst: Kjell Rune Vik, produktsjef drøvtyggerfôr
KOSTEFFEKTIVT KRAFTFÔR
NorFor verdiane brukast som bakgrunn for berekningar i TINE OptiFôr og er viktige for at rådgjevarar skal kunne sette saman ein optimal fôrplan. Fiskå Mølle har heilt sidan våren 2015 hatt opne verdier i NorFor og Tine OptiFôr. Med ei større grad av openheit hjå alle aktørane slik vi no ser, vil bruken av kraftfôret bli meir kostnadseffektiv for bonden.
UNØDIG KOMPLIKASJON
Det gjenstår likevel nokre utfordringar for å oppnå ein einskapleg vurdering av fôret sine eigenskapar i Norge. Til tross for at NorForsystemet er innført, lever dessverre den gamle fôreininga framleis vidare. Dette medfører at produsentar og rådgjevarar har to ulike energiverdiar å forholde seg til, noko som gjer fôrvurderinga unødig komplisert. Fôrtabellen med den gamle fôreininga (med tilhøyrande proteinverdiar) haldast ikkje lenger oppdatert. Vi håpar derfor at heile bransjen kan fase ut den gamle fôreninga og bruke NorForverdiar slik at vi slepp å ha ulike einingar å forholde oss til.
NORFOR SYSTEMET
NorFor er det dominerande fôrvurderingssystemet i Sverige, Danmark, Island og Norge, og blir brukt av fleirtalet av alle rådgjevarar i desse landa, inkludert TINE sitt rådgjevingaapparat og programmet TINE OptiFôr.
Målet med NorFor er å ha eit identisk og felles fôrvurderingssystem av høg kvalitet for å sikre best mogleg kommunikasjon mellom bønder, rådgjevarar og fôrleverandørar. Vurderinga av dei enkelte råvarene som inngår i NorFor baserer seg på nyaste forsking. Ein felles bruk av dette systemet vil auke effektiviteten i norsk landbruk. Vi håpar derfor at NorFor kan bli akseptert av heile bransjen som eit felles system for fôrvurdering i Norge.
OPTIMALE VERDIAR FRÅ FISKÅ MØLLE
Fiskå Mølle har sidan sommaren 2014 nytta NorFor som fôrvurderingssystem til drøvtyggarar. Kraftfôret optimerast ved å stille krav til kun NorFor sine protein- og energiverdiar, noko som endrar rangeringa av råvarene våre slik at kraftfôret vert sett saman meir effektivt for bonden.
Les meir om dette i artikkelen i Buskap nr 2 2015