<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

TOPBULL MAX FOR AUKA TILVEKST OG REINARE OKSAR

Nyheit: Kraftfôr med Maxammonbygg

 

Av produktsjef drøvtyggarfôr: Kjell-Rune Vik

 

Det nye okse-kraftfôret er basisk og har større partiklar i pelleten enn vanleg kraftfôr. Mengde stivelse til vomma blir mykje høgare, noko som gir kraftig auke i veksten av mikrobar. Kraftfôret er dessutan tilsett vitamin og mineral. Dermed kan også bønder med separat fôring med kraftfôr/surfôr no få utnytta dette lønsame fôrmiddelet.

Erfaringane frå forsøksvertane våre i vinter er svært positive: Alle rapporterer om fastare gjødselkonsistens enn ved vanleg okse-kraftfôr. Med TopBull MAX kan ein dermed no fôre hardare, slakte tidlegare, og oppnå høgare slakteklasse. Og likevel få tørrare bingar.

 

Maxammonbehandla og valsa bygg har eit høgt innhald av ammoniakk og er eit basisk fôrmiddel (pH 8,3 - 9,3). Det unike produktet er blitt ein kjempesuksess til storfekjøtproduksjonen i m.a. Storbritannia, Irland og Frankrike, og er i rask vekst i mange andre vestlege land inkl. Norge. Det er fleire årsaker til suksessen, men fellesnemnaren er langt betre økonomi for bøndene.

VIL HA ALT I EIN PELLET

Bønder med separat fôring med surfôr og kraftfôr (tradisjonell fôring) er tydelege på at dei ikkje vil fôre med mineral og vitamin utanom; dei vil ha alt i ein og same pellet. Mange har derfor etterspurt eit pelletert kraftfôr som inneheld både Maxammonbygg, nok protein til dei yngste oksane, melasse, samt vitamin og mineral. Svaret er TopBull MAX.

 

pellets

Alt i ein pellet: TopBull MAX inneheld både Maxammonbygg, nok protein til dei yngste oksane, melasse, samt vitamin og mineral.

 

DOBBEL DOSE MAXAMMON

Vanlege kraftfôr til drøvtyggarar har ein pH på typisk 6 - 6,5. Det Maxammonbehandla kornet vi brukar i TopBull MAX har dobbel dose Maxammon i seg, og dobbelt så høgt innhald av ammoniakk som i vanleg Maxammonbygg. Det gjer at TopBull MAX har ein pH på heile 8 - 8,5. Kombinert med grovare struktur av partiklane i kraftfôret framstår dermed TopBull MAX som meir «vomvenleg» enn andre kraftfôr. Ein kan derfor fôre hardare utan å få problem med «sur vom» (pH under 5,5).

 

VANLEG STIVELSE GIR «SUR VOM» PROBLEMATIKK

Norsk bygg inneheld ca 50% stivelse. Kraftfôr til storfe i vekst, t.d. vanleg TopBull inneheld typisk 22-24% stivelse, medan Nor500 har ca 28-30% stivelse. Stivelse er det mest effektive næringsstoffet som oksen veks på. Det er som bensin på ein motor: Det er lett tilgjengeleg energi for mikrobane i vomma. Energien brukast vidare til å bygge store mengder nye mikrobar basert på ammoniakk. Denne kjem normalt frå nedbrote protein i grovfôr og kraftfôr (PBV). Men når ein fôrar med vanleg byggpellets så skjer nedbrytinga av stivelse så raskt at dei ulike syrene som blir danna ikkje raskt nok blir absorbert gjennom vomveggen. Då fell pH i vomma til under kritisk nivå (pH under 5,5), og heile prosessen stoppar opp. Dyret misser appetitten på surfôr og kraftfôr, gjødselkonsistensen blir laus, fôrutnyttinga blir redusert og tilveksten stagnerer. Løysinga på denne klassiske utfordringa har til no vore å enten gje kraftfôr med lågare nivå stivelse (t.d. TopBull), eller å avgrense mengde Nor500 til 4 kg pr dag og heller fôre mange gongar pr dag. Vanleg pelletert byggrøpp har vore lite i bruk på grunn av den svært høge vombelastninga.

 

TOPBULL MAX: MEIR STIVELSE - AUKA TILVEKST

Det revolusjonære med TopBull MAX er at vi går akkurat motsett veg: Vi aukar mengda med stivelse til heile 32-33%, og «fyrer» dermed «motoren» langt hardare enn før. Dette samtidig som vommiljøet faktisk blir betre. Resultatet er at langt fleire mikrobar utviklar seg i vomma. Ein meir fullstendig fordøyelse av surfôret skjer, noko vi ser gjennom færre ufordøydde fiberpartiklar i gjødsla. Fordøyinga av heile rasjonen til oksen blir altså positivt påverka. Alle forsøksvertar rapporterer om fastare gjødselkonsistens.


Skotske Harbro, som fann opp Maxammon for 6-7 år sidan, er tydelege på at oksane sin forutnytting og tilvekst aukar. Ved at ein kan fôre hardare enn før får ein oksane tidlegare slaktemodne, og det er lettare å oppnå god klassifisering av slakta. Redusert bruk av surfôr pr kilo slakt er ein fordel for mange bønder.
I besetningar som kjøper inn oksekalvar for sluttfôring kan ein, ved å slakte 1-2 månader tidlegare, kjøpe inn nye kalvar endå tidlegare. Resultatet er auka kjøtproduksjon pr fjøs pr år.

 

img_4547 (1)

 

REDUSERT BEHOV FOR IMPORTERTE FÔRMIDLER

Ved at TopBull MAX inneheld så mykje PBV frå ammoniakk så reduserast behovet for importerte fôrmidler som PBV-rikt soyamjøl frå Brasil. I tillegg kan ein redusere bruken av importerte roesnittar (betepulp) i kraftfôret fordi gjødselkonsistensen blir fastare med Maxammonbygg. Mengda med norsk korn i kraftfôret aukar. Mange vil nok synes at høgare norsk sjølvforsyningsgrad er rett veg å gå. Vi i Fiskå Mølle er glade for å kunne ta i bruk ny teknologi som har så mange oppsider for norsk landbruk.

 

NÆRINGSVERDIAR I NORFOR

TopBull MAX er lagt inn i NorFor, og har næringsverdiar som vist i tabellen (gram per kg tørrstoff). Vanleg TopBull er tatt med til samanlikning.

 

 

TopBull MAX

TopBull (vanleg)

Stivelse

374

258

PBV20

+17

+17

 

 

TOPBULL MAX LANSERAST I APRIL

Fabrikken på Fiskå (Rogaland) begynner å produsere TopBull MAX siste veka før påske. Vi tilbyr produktet i både storsekk og bulk.

Distribusjon langs kysten tek til frå veka etter påske. Lagera langs norskekysten blir leveringsdyktige i storsekk og bulk i løpet av april/mai.

Fiskå Mølle Flisa, Fiskå Mølle Etne og Fiskå Mølle Trøndelag vil òg tilby produktet i løpet av april/mai.

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.