<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

Hunden jagar kyrne inn frå beite 3 gongar dagleg

SLUTTA MED LOKKING AV KYR TIL MJØLKEROBOTEN

 

Frode Lynum går nye vegar for å få kyrne inn til mjølking: Han slepp sauehunden etter dei, som jagar dei kontrollert og roleg inn for å bli mjølka. Han trur likevel ikkje beiting av kyr er lønsamt. Men fordi den fysiske forma blir betre, og at samfunnet krev det, meinar han likevel at alle kyr og kviger må ut.

 

Tekst: Kjell-Rune Vik
Foto: Thomas Søyland

 

img_5346

 

Frode Lynum frå Skogn i Nord-Trøndelag har trona på toppen av lista over dei mest høgtytande besetningane i Norge* 4 år på rad.

År

Plassering på lista

Årskyr

Mjølkeyting (EKM)

2016

1.

83,1

13.814

2015

1.

93,2

12.568

2014

1.

97,6

11.862

2013

2.

94,5

11.247

*) Magasinet «Buskap», besetningar med meir enn 40 årskyr

Fiskå Mølle besøker familien Lynum ein solskinsdag i slutten av juli 2016. På tunet har kona Randi diska opp med kaffi og is medan praten går. Dottera Kirsten Marie med den 7 månader gamle sonen Petter er også med oss.

 

SKIFTEBEITING OG FULLFÔR

Denne dagen er alle mjølkekyrne ute på beite. No midt i beiteperioden er kyrne ute frå kl. 7 om morgonen til 12 om kvelden. Det er 3 skifter på garden, til saman 80-90 mål. Beitepussar køyrast systematisk på det gamle skiftet etter flytting til nytt skifte.

Overgjødslar de på nytt med mineralgjødsel mellom kvar beiteperiode? vil vi vite.

-Nei, beita blir som regel kraftige nok, synes Frode. Blir det litt knapt med beite, så avgrensar vi heller tida dei er ute på beite til situasjonen betrar seg. Omvendt så kan vi også auke beitetida ved behov.

For kyrne tilbydast fullfôr* inne på fôrbrettet heile døgnet i tillegg til beitet. Kyrne kan gå inn og ut som dei vil. Men det varierer veldig kor mykje fullfôr dei et inne når dei har tilgang på beite ute. Vêret og beitekvaliteten spelar i stor grad inn her.

*) Fullfôret består av surfôr av 1. slått, Melketopp Høg, brød, høy evt. snitta halm og vitamin/mineraltilskotet «Premium KornKross»

 

img_5544

 

ROBOT OG MJØLKEFREKVENS

Korleis er det med mjølkefrekvensen i roboten i beitetida?

-Den går ned! slår Frode fast. Det er viktig ei problemstilling som er veldig avhengig av vilkåra. Er beitet på skiftet like ved, så kjem kyrne hyppigare inn når beitekvaliteten er svakare eller redusert, eller om vêret er for varmt eller vått. Då påverkast ikkje ytinga så mykje. Men skjer beitinga på skifta lenger vekke, så er vi prisgitt både beite og vêrforholda. No når beita er gode og vêret er godt, så blir mjølkefrekvensen låg for gjennomsnittskua. I alle fall om ein ikkje set inn tiltak.

- Men når dei først er komne inn, så er det ingen kyr som slepp tilbake til beitet utan at dei er nymjølka, det sørger «Smartgate-en» for (ein elektronisk styrt port styrt via mjølkeroboten der ein har automatisk individuell kontroll med kva dyr som slepp ut eller ikkje, red.anm.).

-Så vegen tilbake til beitet er gjennom mjølkeroboten, smiler Kirsten Marie.

Men kva er eigentleg lokkemiddelet tilbake til mjølkeroboten når beitet og vêret er bra eller avstanden er litt lenger?

-Det er det Border collien vår «Laika» som sørger for, gliser Frode. Så det er ingen lokking, det er jaging, seier han og ler.

Framfor å bruke masse tid på å jage 2 gongar dagleg har familien Lynum nyleg begynt å bruke ein godt trena sauehund til å gjere jobben. Og det er så tidsbesparande at det skjer heile 3 gongar per dag. I alle fall no når beitet er så bra.
-Akkurat no jagar vi dei inn i 12-tida, i 17-tida og litt før midnatt, fortel han til ein lettare forbausa Fiskå-gjeng!

Vi får snart sjå dette i praksis. Frode tek med seg Laika og går bort til innhegninga like ved, der 80 Holsteinkyr beitar. Fleire ligg i sola og tygg drøv. Vi ser tydeleg at når kyrne ser Frode med hunden så veit dei at no skal dei inn. Det er ingen vits i å protestere, ser det ut til, for hunden er på hogget og jagar fram og tilbake. Alle 80 kyrne reiser seg og vender omtrent samtidig mot fjøset. Ingen prøver å stikke av, men går roleg og nærast i slutta orden til oppsamlingsarealet og vidare inn for å ete fullfôr eller bli mjølka. Det er eit imponerande syn av effektivitet og orden!

-Ja, det er ei veldig god hjelp med hunden, seier mjølkebonden fornøgd.

 

«Før vi begynte med jaging prøvde vi forskjellige ting, fortel Kirsten Marie. Ein gong prøvde vi å lokke med å berre tilby vatn inne i fjøset. Men det fungerte ikkje, for alle skulle jo drikke samtidig. Tida utan vatn blei for lang. Då blei det kaos.»

-Kirsten Marie Lynum, Skogn

Frode skundar seg å legge til at utan vatn så blir det ikkje mjølk!

Frode og Kirsten Marie fortel at på innefôring drikk kyrne oftast vatn etter mjølking. Drikkekaret står nemleg like etter mjølkeroboten og brukast alltid etter mjølking på veg inn til liggebåsane att. Men i beiteperioden så skillast jo kyrne ut etter mjølking, og då får dei vatn utanfor fjøsdøra med det same dei kjem ut. Der stoppar dei alltid og drikk, seier Kirsten Marie. Dessutan har dei vatn på sjølve beitet, samt vatn ved oppsamlingsarealet før dei går inn i fjøset.

-Dersom det har gått ein 8-9 timar i normalt vêr utan at kyrne har blitt jaga inn, så ser vi jo at mange kyr faktisk vender tilbake til fjøset for å bli mjølka, poengterer Kirsten Marie. Men det gjeld jo ikkje alle. Nokon er late, og talet slike aukar i varmt vêr og med aukande avstand til fjøset. Dermed må vi hente kyrne inn. Og med Laika er jobben gjort på under 10 minutt.

 

img_5321

 

KYRNE HAR AKTIVITETSSENSORAR

I halsbandet har kyrne til Frode Lynum på seg ei «multibrikke» med ulike sensorar. Den eine sensoren målar drøvtyggingsaktiviteten, den andre målar aktiviteten til sjølve dyret. Aktivitetssensorane er spesielt nyttige i beiteperioden. All aktiviteten loggast fortløpande per dyr, og kan studerast på PC’en som er kopla til Lely-roboten. Rekkevidda til det trådlause systemet er 500 meter, så data strøymer inn også når kyrne er ute på beite. På denne måten kan Lynum betre kontrollere om enkeltkyrne får nok fiber i rasjonen. I ei besetning på 80 kyr er det naturlegvis vanskeleg å vurdere gjødselkonsistensen til kvart enkelt dyr.

Dei har no i ein periode teke inn 2% høy i fullfôret. Samanlikna med å ikkje gje noko strukturfôr så merka dei stor skilnad på drøvtygginga. Fett-% i mjølka har no stabilisert seg kanskje eit 1-2 tideler høgare oppe.

-Akkurat no i beiteperioden hadde det kanskje vore betre å erstatte høy med snitta halm? undrast den erfarne mjølkebonden. Det er jo endå meir fiber i halmen, men mindre energi, resonnerer han… Refleksjonane er nok typiske for denne bedrifta, og det er nok slike kritiske vurderingar samt stor endringsvilje som løfter dei opp og fram, trur underteikna.

Frode fortel at drøvtyggingssensoren også er nyttig i samband med brunst. Då går drøvtygginga tydeleg ned. Samtidig så viser aktivitetssensoren auke. Du er dermed endå tryggare på å fastslå brunst på kyrne då.

 

img_5499

 

TILVENJING TIL BEITE

-Vi slepper kyrne på beite vanlegvis i siste halvdel av mai, seier Frode.

Korleis venjer de kyrne til beitegras?

-Vi har dei ute i veldig kort tid i starten, kanskje berre 2-3 timar dei første dagane. Så aukar vi på gradvis etter kvart. Beitetilgangen får etter kvart betydning òg kor lenge dei er ute om gongen.

 

EFFEKT AV SOMMARVARME PÅ MJØLKEYTINGA

Frode og Randi fortel om korleis dei opplevde den sterke og langvarige varmen sommaren 2014. Då var det 30 grader i fleire dagar, og nesten vindstilt.

-Då var det krise, for kyrne stupte jo i mjølk, minnest Frode og rynkar på nasa. -Enten stod kyrne inne i fjøset, eller så stod dei i skuggen av fjøset eller så låg dei ute på beitet og verken åt eller drakk!

-Det var ikkje behageleg for verken folk eller dyr med så stilleståande varm luft, fortel Randi.

-Så i etterkant av den sommaren så har vi investert i meir viftekapasitet i fjøset, så no er det mykje meir luft som passerer og det blir meir behageleg for dyra, orienterer Frode.

 

BEITE OG REGNVÊR

Kirsten fortel at når det blir skikkeleg regnver, så slepp dei ikkje kyrne ut. For då trampar dei berre ned beitet, og beiteopptaket blir lågt. Så då blir det i staden tradisjonell innefôring inntil forholda igjen blir gode. I slutten av juli kunne familien gle seg over at kyrne hittil berre var heldt inne i ½ dag. Sommaren har vore tørr og fin – rett og slett i tørraste laget, meinar Frode.

 

img_5381

 

BEITEDRIFT KONTRA LØNSEMD

Er det lønsamt å ha kyrne på beite? vil vi vite.

Frode tenker seg om , før han svarar langsamt:

-Det å ha ei heilt stabil innefôring til å sleppe kyrne ut på ferskt beitegras er ei stor forandring. Det er ingen tvil om at beitinga er negativ for mjølkeytinga, slår Frode fast. Så isolert sett lønner det seg ikkje å ha dyra på beite. Men dette nyttar det ikkje å rekne på, for det blir for komplisert. For kyrne får ein positiv helseeffekt, det er det ingen tvil om. Dei blir i betre fysisk form.

Er det beinhelsa du tenkjer på?

-Nei, beinhelsa er eg jammen usikker på, for det er om sommaren vi har flest kyr som haltar!
Far og dotter viser til 2-3 kyr som haltar no, kontra ingen i vinter.
- Eg trur det er ein positiv helseeffekt likevel, men det er klart at det skal noko til at det løner seg når det blir såpass mykje mindre mjølk per dag! Men eg synes at når ein har mjølkekyr, så skal dei ut på beite. Også av politiske grunnar. Det er viktig at resten av samfunnet ser at det finst kyr i det vakre kulturlandskapet vårt.
-Men, supplerer Kirsten Marie, det er ikkje sikkert dei hadde mjølka så mykje meir om dei ikkje var på beite heller, for det blir jo veldig varmt inne på solrike dagar uansett, og då er jo problemstillinga den same…

-De har jo tidlegare i år hatt ei snitt mjølkeyting 40-42 liter per dag. Kva ligg denne på no i slutten av juli?

-Akkurat no ligg den på 39 liter, opplyser Kirsten Marie. Men kyrne var nede i 37,5 liter i mai/juni.

 

«Utfordringa er at det blir for ujamne forhold når ein har beitedrift. Beitekvaliteten og tilgangen varierer, vêret varierer og dermed får du variable og litt svakare resultat, seier Frode. Og legg til at det er mest krevjande i første del av beitesesongen. Då er graskvaliteten og -kvantiteten så høg at resultata påverkast meir.»

-Frode Lynum, Skogn

 

-Men vi har også alle ungdyra ute på beite, og det er klart at når kvigene er vane til å vere ute, og dei kalvar på beite, så er det utvilsamt positivt for både helse og trivsel, hevdar mjølkebonden med Norges mest høgtytande stor-besetning.

 

KALVAR OG KVIGER PÅ BEITE

Alle kalvar over 3-4 månader får kome ut på beite. Så dei fleste kyr har 2 lange beitesomrar før dei får første kalven. Etter første beiteseongen som kalv blir alle snyltarbehandla.

-Det å ha alle kvigene ute på beite er garantert lønsamt, slår Frode fast. 

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.