UNGE KALVAR STILLER HØGARE KRAV

Kvaliteten av mjølkeerstatninga avgjerande for tilveksten

Spedkalvar som får mjølkeerstatning basert på mysepulver og vegetabilsk protein får lågare tilvekst enn ved høg bruk av skummamjølkpulver. Når tollregimet for mjølkeerstatning no er endra slik at norsk mjølkepulver favoriserast, utnyttar Fiskå Mølle dette til det beste for kalvetilveksten.

Kunnskapen om auka proteinfordøyelegheit av skummamjølkpulver til spedkalvar er ikkje ny. Forskarar har lenge rapportert om dette, sjå tabellen nederst på sida (Grongnet, 1981; Toullec, 1974; Roy, 1980; Akinylele, 1983).

Tabellen viser at fordøyelegheita av råprotein i heil- mjølk er best uansett alder, og at skummamjølkpulver er nesten like bra. Vidare ser vi at fordøyelegheita av mysepulver og soyaproteinkonsentrat er svak ved 2-3 vekes alder. Ønsker ein å maksimere kalvetilveksten og samtidig tilby spedkalven mjølkeerstatning, er det derfor avgjerande å tilby eit skummamjølkbasert produkt.

 

Fornøgde kalvar: Denkamilk Royal inneheld 45 prosent norsk skummamjølkpulver. Nivået er truleg det høgaste ein finn i norsk landbruk.

Årsaken til den lågare fordøyelegheita av mysepulver og vegetabilske proteinråvarer er den korte oppholdstida desse har i løypemagen før desse fôrmidla går vidare til tynntarmen. Opphaldstida i løypen er berre 2-3 timar. Heilmjølk og skummamjølkspulver derimot koagulerer i løypemagen og blir verande der mykje lenger; minimum i seks timar. Dette betrar fordøyelsen av mjølka markant.

Denkamilk Royal inneheld 45 prosent norsk skummamjølkpulver. Nivået er truleg det høgaste ein finn i norsk landbruk. I tillegg er det høgt nivå fett, som samla sett gir mjølkeerstatninga både høgt energiinnhald og høgt innhald av lettfordøyeleg råprotein til spedkalven.

 

 

Normalt sett har skummamjølkpulver vore det dyraste fôrmiddelet til kalv, men med overskotssituasjonen av mjølk i Norge så har skummamjølkpulver til fôr frå TINE fått ei prisnedskriving slik at dette fôrmiddelet er blitt mykje meir attraktivt.

Vi har allereie fått mange svært gode tilbakemeldingar av Denkamilk Royal både på tilvekst og kalvehelse.

 

 

  Alder kalv, veker Fordøyelegheit, %
Heilmjølk 3 93,5
  5 96,6
Skummamjølkpulver 3 91,9
  5 96,6
Mysepulver 3 65
  5 90
Soyaproteinkonsentrat 2 56,6
  7 81,8

 

BESTILL NÅ 

Ring 51 74 33 00 - eller en av våre forhandlere/samarbeidspartnere