Nytt tilskotsfôr med niacin: Premium™ Gjeldku

I eit universitetsforsøk i USA1 (2016) fann forskarar at svært høg dose av B-vitaminet niacin (48 gram per dag) dei siste fire vekene før kalving auka nivået immunglobolin G (IgG) i råmjølka med heile 18 prosent. Auken var statistisk sikker.

 

I eit gjentak av forsøket året etter testa ein også andre doseringer i tillegg, og fekk då følgande respons: Vi ser at sjølv dosering på 16 gram niacin per dag ga 20 prosent auke i IgG i råmjølka, og auken er dermed høgare enn i forsøket året før. Men sjølv denne doseringa av niacin er langt over tidlegare tilrådd dosering til lakterande mjølkekyr: seks gram per dag. Niacin er tidlegare vist å vere interessant også i tidleg laktasjon (ved underfôring med energi), då niacin betrar levra si evne til å omsette fett frå blodet og dermed redusere risikoen for fettlever og ketose.

 

Niacin 0 g/dag 16 g/dag 32 g/dag 48 g/dag
IgG, g/liter 72,8 87,4 81,1 94,7
%-vis auke   +20,1 +11,4 +30,1

 

DÅRLEG RÅMJØLKSKVALITET

Animalia.no skriv at det finnast fleire bevis for at kalvar som har fått for lite råmjølk har betydeleg auka risiko for sjukdom og død. Dei tilrår at konsentrasjonen av IgG i råmjølka bør vere over 50 gram per liter. Deira undersøkingar har vist at råmjølkskvaliteten hos norske kyr varierer veldig. Over halvparten av prøvene låg under den tilrådde grensa. Å kontrollere råmjølkskvaliteten er derfor svært viktig. Animalia sine funn er i samsvar med rapportar frå USA. Noter også at ein ikkje kan definere kvaliteten av råmjølka med auget då fargen på råmjølka ikkje har samanheng med mengde IgG. Ein kan berre måle/sjekke kvaliteten ved å bruke eit refraktometer (selgast m.a. av TINE).

Kalv


FØREBYGGING MOT MJØLKEFEBER

Premium™ Gjeldku har ein mineralsk samansetning som gir svært negativ kation-anion-differanse (CAD). Det å oppnå negativ CAD i gjeldku-rasjonen har ein veldokumentert effekt på å førebyggje mjølkefeber (-100 til -150 meq i totalrasjonen). Med 100 gram Premium™ Gjeldku per dag kjem ein eit godt stykke på veg, men om det er nok til å oppnå ønska verdi er også avhengig av CAD-verdien i grovfôret. Sterk K-gjødsling er negativt i gjeldku-rasjonar, det beste er gjødsling med magnesiumklorid (det vil seie vegsalt) i tillegg til N/P gjødsel for å produsere eit eige gjeldkufôr.

Premium™ Gjeldku har også høgt innhald av magnesium og svært lågt innhald av kalsium, som støttar opp om den førebyggjande effekten av mjølkefeber. Høgt innhald av E-vitamin styrkjer immunforsvaret både hos mordyret og kalven, førebyggjer mastitt og gir friskare kalvar. Premium™ Gjeldku er tilsett organisk bunde selen, sink og kopar som har den beste tilgjengelegheita for gjeldkua. God mineralstatus er av betydning både for immunapparatet som førebyggjer mastitt, for å redusere celletalet i mjølka, og for å betre klauvhelsa og fruktbarheita.

 

Kilder:
Aragona et al., 2016. J.Dairy Sc., 2016
Aragona et al., 2018. University of New Hampshire