Justert Melketopp for auka fettprosent i mjølka

Kravet til vommiljø i Melketopp skjerpast gjennom seinka innhald av umetta fett. I staden vil fettet i større grad kome frå vombeskytta fett. Dette gir betre forhold for vom-mikrobane som skal fordøye grovfôret. Justeringa har dessutan gitt lågare kilopris på kraftfôret.

 

Årets store grovfôravling gir meir fiber (NDF) og vomfylde i rasjonane enn på fleire år. Saman med gunstigare fettsyreprofil i kraftfôret forventar vi at mange vil merke dette gjennom auka fettprosent i mjølka utover hausten.


Meieria har i 2019 auka betalinga for mjølkefett til åtte øre per tidel. Mjølkeprotein er også godt betalt med seks øre per tidel. Mjølkeproduksjonen skal samtidig gradvis justerast ned i tida som kjem. Fiskå Mølle svarar på dette med å tilpasse kraftfôrkvaliteten på alle kraftfôr mynta på mjølkekyr, og tilpasse rådgjevinga slik at du gjer optimale val.


STOR KORN- OG GROVFÔRAVLING

Årets vellykka kornsesong ser ut for å gje stort tilfang av norsk korn til kraftfôr, og dermed lågare tollkvotar. Det er bra for kornbøndene at dei endeleg får ei skikkeleg avling som gir god økonomisk utteljing. Ei stor kornavling er også positivt for renommet til norsk landbruk som gir meir kortreiste kraftfôr- og bakerivarer.


Dei fleste husdyrprodusentane har samtidig fått ei svær grovfôravling, også dette kjærekome etter to magre år. Mange kan dermed redusere kraftfôrnivået eit hakk eller to for å auke mengda med kortreist grovfôr. Utfordringa er å gjere dette utan at mjølke- og slakteinntektene går ned. Her kan Melketopp spele ei viktig rolle.


OVERGONG TIL NYTT GROVFÔRÅR

Mange har opplevd at bruk av halm i rasjonane i vinter har gitt rekordhøg fettprosent i mjølka. Utfasing av kostbar halm vil erfaringsvis ofte føre til at fettprosent blir lågare. Dersom kraftfôret har vore TopLac, og mykje av surfôret i vinter var fiberfattig tredje slått, kan Melketopp vere eit godt alternativ i komande sesong då denne har meir fiber. Melketopp gir noko lågare mjølkeyting enn TopLac, men det treng ikkje vere ulønsamt dersom du likevel skal ned i produksjon. Det er trass alt slik at lågare mjølkeyting ofte betyr auka kjemisk innhald i mjølka (protein- og fett-prosent). I Melketopp har vi vektlagt vommiljøet hardare enn høg mjølkeyting. Godt vommiljø og nok fiber i rasjonen er viktig for høg fettprosent, god beinhelse og god fruktbarheit.


Ein lågare kilopris på Melketopp er også interessant dersom ungdyr og slakteoksar får kraftfôr frå same tanken.


LITEN TILGANG PÅ ROESNITTAR

Redusert forbruk av kraftfôr og auka tilgang på norsk korn gir liten tilgang på importerte, fiberrike roesnittar (betefiber) til kraftfôret i sesongen vi no går inn i. For mjølkebønder med vellykka grovfôravling er ikkje dette noko problem, og vi trur dei fleste er i ein situasjon der behovet for fiberrike roesnittar er redusert. NDF skal no hentast frå surfôret. Kraftfôret som gjevast kan med fordel innehalde meir kornstivelse enn i fjor, berre ein passar på å ha ein god fôringsteknikk, jmfr. artikkelen «Slik aukar du fettprosent i mjølka».


Bønder med avling av fiberfattig raigras eller tidleg hausta blandingseng bør supplere rasjonen med halm eller anna fiberrikt grovfôr for å sikre god vomfunksjon. Også her kan Melketopp vere eit godt val i tillegg.

 

Kontakt våre rådgivere for mer informasjon om grovfôranalyser.