FISKÅ KRAFTFULL – nytt kraftfôr under uttesting

Kjell-Rune Vik, produktsjef drøvtyggarfôr

Nedskaleringa av norsk mjølkeproduksjon og sterk betaling etter kjemisk innhald i mjølka gjer at Fiskå Mølle i Rogaland ønsker å teste ut eit meir framtidsretta kraftfôr til mjølkekyr.

 

Fiskå Kraftfull er eit fullblods kraftfôr, og vi trur dette vil konkurrere godt med både TopLac®, MelketoppTM og Smørbukk i framtida. I det nye fôret har vi gjort kraftfulle grep for å maksimere dekningsbidraget til bonden, der både kraftfôrpris- og kvalitet står i sterk fokus. På den eine sida testar vi fôret hos utvalde besetningar, men samtidig opnar vi opp for at alle kan få kjøpe dette allereie no. Dette fordi vi forventar at kraftfôret fungerer veldig bra til grovfôr som har middels til lågt NDF-innhald. Fiskå KraftfullTM bør vere høgaktuell for bønder som vil auke mjølkeprisen framfor mjølkeytinga og samtidig fôre for høg fruktbarheit og klauvhelse.

PBV er tilpassa førsteslått 2019, som for mange var proteinfattig. I tabellen ser du nokre av eigenskapane til det nye fôret samanlikna med andre kraftfôr. Legg merke til den gunstige prisen per MJ.

Fiskå Kraftfull

 

Ved spørsmål, ta kontakt med:

Kjell-Rune Vik, produktsjef drøvtyggarfôr
Telefon: 982 61 270
E-post: kjell-rune.vik@fiska.no


Eller spør din lokale rådgiver på drøv.

 

Bildet i toppen av artikkelen er tatt av Frida Isadåra Årseth