<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

HELGJØDSEL– den mest aktuelle organiske mineralgjødsla til beite for kommande vekstsesong

Ragnvald Gramstad, Norsk Naturgjødsel

Helgjødsel er etter kvart godt innarbeid i landbruket vårt. Det er viktig at fleire velger dette som første alternativ for kommande vekstsesong. Denne gjødsla bør prioriterast framfor mineralgjødsel 22-2-12 eller 18-3-15. Dette fordi ein vil få eit rimelegare alternativ, og ein slepp tilføra meir fosfor enn naudsynt for optimal vekst. Altså eit betre miljø- og klimatiltak.

 

LITT OM HELGJØDSEL

Helgjødsla vert produsert på Sele i Klepp kommune på Jæren, kor høne- og kyllinggjødsel inngår som bindemiddel i produksjonen. Det vert i tillegg tilført nitrogen, kalium med tillegg av kopar og kobolt. I dag kan ein få Helgjødsel 18-1-10 tilsett selen, og alternativt tilsett både selen og kobolt. Produksjon av Helgjødsel er eit særs viktig tiltak for landbruket vårt i frigjering av spreieareal og resirkulering av næringsstoff. Plantetilgjengeleg fosfor kjem kun frå høne/ kyllinggjødsla i Helgjødsla.

 

DOKUMENTASJON

Helgjødsel har gjennom dei siste 20 åra vore utprøvd gjennom ulike forsøk i eng og beite. Det er godt dokumentert med omsyn til avling i både mengde og kvalitet i høve til vanleg mineralgjødsel. Det er bra dokumentert verknad av tilført kobolt og selen. Det har vist positiv langtidsverknad av Helgjødsel i beite i høve til vanleg mineralgjødsel. Hønegjødsel- delen avgir truleg N-verknad over litt lengre tid, og erfaringane viser særs god avbeiting. 

bilde-til-helgjoedsel-sak (1)

VÅRGJØDSLING TIL BEITER UTAN BRUK AV HUSDYRGJØDSEL, 40 KG/DAA HELGJØDSEL 18-1-10 M/SELEN

Dersom ein vil sikra tilføring av kobolt vel ein å få gjødsla levert med kobolt. Ein kan også få Helgjødsel m/kopar, eventuelt også med kobolt. Helgjødsel med kopar kan vera eit godt tiltak for å vedlikehaldsgjødsla med kopar om ein har behov for det. Kobolt må ein tilføra kvart år.

 

VÅRGJØDSLING TIL BEITE MED BRUK AV HUSDYRGJØDSEL

I slike høve kan det vera mest fagleg rett med om lag 2,5 tonn blautgjødsel storfe/daa i tillegg til ca. 15-20 kg/daa kalkammonsalpeter, men ein kan alternativt bruka 20-25 kg Helgjødsel 18-1-10/daa om våren og tilføra 20-25 kg Helgjødsel 18-1-10 /daa til første overgjødsling i juni. I byrjinga av juni og i samband med 1. overgjødsling kan det vera aktuelt med tilføring av selen og/eller kobolt. Då kan ein alternativt nytta Helgjødsel 18-1-10 med om lag 40 kg/daa. Dersom ein meiner dette vert litt vel mykje nitrogen i ein omgang, kan ein fordela dette med om lag 20-25 kg/daa med fire vekers mellomrom. Då vil ein sikra høveleg tilføring av selen og eventuelt kobolt i beitetida.

 

GRASAREAL UTAN BRUK AV HUSDYRGJØDSEL

I slike situasjonar bør Helgjødsel 18-1-10 vera eit særs godt alternativ til tradisjonell mineralgjødsel. Om våren: God eng til siloslått: 80-90 kg/daa. Etter 1. slått: 55 kg/daa. Om våren: Eng til høyslått: 55 kg/daa. Etter 1. slått: 55 kg/daa.

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.