<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

SLIK BLIR DU KLAR FOR LEMMINGA

Tone Runhild O. Skadsem, veterinær og rådgiver

Foto: Thomas Søyland

Lemminga er krevjande og kan by på fleire utfordringar, men det er heldigvis mykje du kan gjere for å unngå dødfødsler og tidleg lammedød. Her er gode råd frå Tone Runhild Skadsem, veterinær og rådgjevar i Fiskå Mølle


Me er på veg inn i den vakraste, men kanskje også mest krevjande, perioden for sauebønder. Fleire tusen lam kjem til verda dei neste månadane, men dessverre døyr mange lenge før dei når beitet. Under og dei første dagene etter fødsel er dei mest kritiske for lamma. Her kan gode rutiner redde fleire.

Bygg på erfaringar frå tidligare år og finn fokusområder for denne sesongen. Skriv ei liste over årets målsetjingar og heng den på veggen. Så er du klar når lemminga går i gang.

BEHALD ROEN

Når lemminga startar kreves fullt fokus frå byrjing til slutt. Risikoen for dødfødsler er størst hjå førstegongsdrektige som bærer fleire lam. Den vanligaste årsaka til dødfødte er skader og feilstillingar i forbindelse med fødsel. Det er derfor viktig å vere tilstades og yte tidleg fødselshjelp.

Mange blir stressa når det oppstår problem. Det er viktig å fiksere dyret skikkeleg før du byrjar med fødselshjelp, og være varsam undervegs. Bruk store mengder glidemiddel. Ei flaske på ein fødsel kan i nokre tilfeller vere heilt nødvendig. Livmora er skjør og sprekker lett.

 img_8954-v4 (1)

RÅMJØLK KAN HINDRE LAMMEDØD

Risikoen for tidleg lammedød aukar markant i kull med fleire enn to lam, ifølge ein studie utført av veterinær Ingrid Hunter Holmøy.

Nyfødte er avhengig av å få tilført antistoff og energi gjennom råmjølka. Råmjølk bør gjes så raskt som mogleg etter fødsel. Studier viser at hele 30 prosent av lamma får for lite råmjølk. Du skal berekne 1,5 til 2 desiliter mjølk per kilo kroppsvekt. Eit lam på fem kilo treng difor ein liter råmjølk det første døgnet.

Fleire besetninger måler også råmelkskvaliteten og noterer ned for å følgje med på kva faktisk lamma får i seg. Ved dårleg kvalitet må ein gje meir mengde. Det er lurt å fryse ned god råmjølk til neste år. Hugs å tine mjølka ved
maksimalt 50 grader for å unngå denaturering av antistoff. Råmjølk har effekt mot smitte i 2-3 månadar. Hugs at det hjelper lite med god råmjølk om smittepresset er veldig høgt.

Drikk lamma for lite, kan det vere aktuelt å sondefôre. Det kan vere litt skummelt å gjere i starten, men øv deg på eit daudt lam. Kjenn etter om du kjenner to røyr i halsen. Luftrøyret er fast på grunn av bruskringer, og plastsonden fyller då ut det mjuke spiserøyret. Pass på at sonden er skadefri og rein for å unngå å rispe opp hals og spiserøyr.

 

LAG EIN KUVØSE TIL NEDKJØLTE LAM

For å unngå tap av lam er det viktig å hindre nedkjøling. Utan varmetilførsel i miljøet vil lammet sin temperatur dette raskt, og du må syte for eit tørt og lunt underlag. Kroppstemperaturen er avgjerande hjå nyfødte, og skal normalt måle 39-40 grader. Fell temperaturen under 37 grader er tilstanden kritisk.

Då bør ein lage ei heimelaga «kuvøse» av halmkasse, varmeflaske og varmelampe. Legg ei brusflaske med glovarmt vatn pakka inn i ein ullsokk på magen til lammet, og legg beina rundt.

Slappe, kalde lam blir lett tråkka på av søya, og risikerer innvendige blødninger, sprukken milt, leverruptur og ribbeinsbrot. Slike skader er årsaken til lammedød i 20 prosent av tilfellene. Da døyr ofte lamma et par dager etter fødsel, utan at årsaka er lett å tolke.


img_2568-copy


UNNGÅ BAKTERIESMITTE

Ein tredjedel av lammedødsfall skuldast imidlertid infeksjoner, vanlegvis frå E.coli-bakterier. Reinhold er ekstremt viktig. Vær nøye med hygienen. Navlen er ein innfallsport til bakterier, som kan føre til både blodforgiftning og leddbetennelser. Det er lurt å desinfisere navlen med jod-sprit. Eit alternativ til jod-sprit er å bruke flytande hypokloritt (Vetericyn 7+ spray, som fås hjå veterinær). Jod i konsentrat er dessverre ikkje lenger tilgjengelig på markedet.

Elles er det veldig effektivt å gje nyfødte lam ein dose mjølkesyrebakterier i munnen. Dei vil hemme E.coli i å oppformere seg i like stor grad. For eksempel er det ei gunstig sammensetjing av mjølkesyrebakterier i Zoolac, som fås reseptfritt på apotek eller i dyrebutikk. Erfaringar viser 90 prosent reduksjon i forekomst av E.coli-infeksjoner dersom Zoolac blir brukt konsekvent til alle nyfødte lam, gjerne så tidleg som mogleg etter fødsel. Eit alternativ er å gje Biola til nyfødte lam. Dette kan også blandast i mjølk til kopplam der det er utfordringer med laus mage eller diaré. Men igjen er det viktig å unngå høgt smittepress.

Eit tørt miljø er gunstig for å hemme bakterieveksten, og ha det så reint som mogleg. Det er ofte vanskeleg å få vaska lemmegarder mellom kvar lemming, men eit tørrdesinfeksjonspulver er veldig godt hjelpemiddel, for eksempel Agrosan Dry. Dette kan også blandast med strø og brukast i lammegjemme og i kopplam-bingene. 

 

STÅ LØPET UT

Med døgnberedskap er lemminga svært krevjande for bonden, og mange blir slitne på slutten. Prøv å ordne med hjelp slik de har overskot til å følgje opp dei siste lemmingane. Det er mot slutten det er mest smittepress, særleg med lang innefôringsperiode. 

 

Lukke til i lemminga!

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.