<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

Nedkjemp landøyda i juni

Ugraset landøyda spreiar seg langs kysten i Sør-Noreg. Planta er giftig for storfe og hest, både på beite, i høy og i silo. Evna til å spreia seg er stor for dette ugraset, ei plante produserer i snitt 2100 frø. No er tida for kjemiske tiltak for å hindra spreiing av denne skadegjeraren.

Av: Turid Fitjar, rådgjevar drøv og plantekultur

 

Når landøyda fargar beiter og grøftekantar gult i juli er det berre luking som er eit aktuelt tiltak for å nedkjempa ugraset, sprøyting gir dårleg eller ingen effekt i blomstringa.

Fleire kjemiske middel har vist god effekt mot landøyda, men tidspunkt for behandling er som regel litt etter dei andre ugrasa me strir med i eng og beite (td. høymola og myrtistel). Anbefalte middel mot Landøyda er Starane XL, Mekoprop, Tomahawk og Duplosan Super. Tidspunkt for behandling av landøyda er frå rosettstadiet til begynnande strekningsvekst, som regel er dette i juni.

 

landøyda

Dette stadiet (store rosettar) er rett tidspunkt for sprøyting av landøyda.

 

Ta kontakt om du har spørsmål om plantevern, eller sjå våre katalogar på plantevern.no

 

 

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.