Satsinga på SPF held fram. Mange er i gang med omlegging og det er ein spanande prosess. Når SPF går godt, er det utruleg kjekt å drive med gris.
Ta kontakt for mer informasjon
Relaterte artikler
Godt gjort er bedre enn godt sagt
Praktisk omlegging til SPF
Satsinga på SPF held fram. Mange er i gang med omlegging og det er ein spanande prosess. Når SPF går godt, er det utruleg kjekt å drive med gris.
Satsinga på SPF held fram. Mange er i gang med omlegging og det er ein spanande prosess. Når SPF går godt, så er det utruleg kjekt å drive med gris.
Av: Tone Runhild Skadsem, veterinær og rådgjevar i Fiskå Mølle
Årsakar til omlegging
Dei fleste overgangar frå helsegris til SPF skjer i dag som ein konsekvens av ein krevjande helsesituasjon i besetninga over tid. Når verken management eller vaksiner løyser utfordringar er ofte total sanering einaste løysing. Likevel er det nokon som legger om frivillig, utan at dei har særskilte utfordringar, men berre for å oppnå ein endå friskare gris med betre tilvekst og lågare fôrforbruk.
Nybygg er ikkje kvardagsleg lengre, men SPF er sjølvsagt det naturlege å starte med når ein byggjer heilt nytt. Ved stor rehabilitering som fører til endring i drift, kan det vere aktuelt å vurdere SPF.
Nokre besetningar har i lang tid kjøpt inn SPF-purker i vanleg helsegrisproduksjon og har god erfaring med det. Generelt bør ein vere varsam med dette, men med gode omsyn kan det fungere utmerka.
SPF - Spesifikk Patogen Frihet |
SPF står for Spesifikk Patogen Fri gris og vil i praksis seie at grisen er fri for bakterien APP (Actinobacillus pleuropneumoniae). Helsegris (har APPdef) og SPF er begge frie for Mykoplasma, skabb og svinedysenteri. |
Sanering
Når du skal gå i gang med saneringa må du ein ha ein arbeidsplan. Når skal siste grisen slaktast, og når skal første puljen grise? Korleis skal rekruttering og innkjøp av dyr gå føre seg?
Omfanget av sanering vil variere etter kva du sanerer for. Difor er det fornuftig å ta ut prøver for å påvise ulike smittestoff før du setter i gang med å utarbeide saneringsplanen. Er det svinedysenteri eller MRSA som ligg til grunn, må du ta omsyn til det.
MRSA-bakteriar fester seg veldig lett til overflater og kan vere vanskeleg å fjerne. Pustande himling må truleg fjernast.
Svinedysenteri-bakterien lever lenge i gjødsel og uteområde ved låge temperaturar, men lever kort tid i varmt, tørt miljø der sola slepp til.
Grundig vask: Helsetenesta for svin har ein veldig fin vaskebrosjyre som bør nyttast når du sanerer. Grundig grovvask først. Deretter skumlegging med såpe, og avspyling med lågt trykk. Ver obs på rett blandehøve på såpa slik at skummet ikkje blir for blautt. Bruk høveleg verneutstyr som inkluderer dampsperremaske og tette briller.
Desinfisering: Etter uttørk må du desinfisere. Her er det mange preparat å velje mellom. Det er litt ulik effekt i desinfeksjonsmidla, men ta høgde for å få spolormegga redusert så mykje som råd. Difor bør ein bruke Neopredisan på golv og rundt éin meter opp på veggen. For å kunne desinfisere tak og vanskeleg tilgjengelege stader som ventilasjonsanlegg, er tåkelegging med Virocide effektivt. Leska kalk kan vere aktuelt å smøre på i enkelte avdelingar, som fødeavdeling og smågrisavdeling, men det er ikkje noko krav.
Gjødselrenner lèt seg nokre gonger ikkje få heilt reine dersom det er støypt betonginnreiing oppå spalter. Ei lang dyse med vinkel kan hjelpe med å kome godt til. Er det vanskeleg, kan du fylle renner med vatn nokre gonger for å løyse opp gjødsel, og deretter helle kalk nedi når renner er så reine som praktisk mogleg.
Lausøyre som ikkje let seg reingjere må erstattast med nytt. Vask kjeledresser og støvlar på minimum 60 grader, eller erstatt med nytt. Kontor og andre rom i driftsbygning må også vaskast.
Slaktegrisbesetningar som har lagt om til SPF har med god erfaring berre gjennomført ein ordinær vask etter innsettet og desinfisert etterpå. Men det er å anbefale å gjere denne prosessen så grundig som råd når du fyrst satsar på SPF.
Uteområde
Kring bygget bør det vere tørt og fritt for vegetasjon. Der det er transport av folk, dyr, kadaver og fôr, bør ein bytte grus, dersom du har det, og strø på kalk. Dersom ein har vaskbare flater må ein vaske desse og desinfisere etterpå.
Ny gris i hus
Når den nye SPF-grisen kjem har den ein annan bakterieflora enn den du er vant til. Det betyr at du vil møte andre utfordringar, men generelt sett langt mindre sjukdom enn du er vant til. Der du før erfarte antibiotikaresistens for ulike bakteriar, til dømes leddbetennelsesbakteriar, vil det ikkje nødvendigvis vere tilfellet nå. Difor skal du alltid revurdere behandlingsstrategiar saman med besetningens veterinær, etter oppstart med SPF.
Praktiske erfaringar syner at grundig sanering og omlegging til SPF gir ein ny kvardag. Innkjøring av nye rutinar med tanke på smittebeskyttelse og kanskje dyreflyt, fører til langt mindre sjukdom enn tidlegare. Når du har redusert smittepresset viser det absolutt igjen i betre tilvekst og redusert fôrforbruk.
Likevel har me sett at enkelte bakteriar får ei anna rolle. Større problem med akutt regional tarmbløding grunna Lawsonia i enkelte slaktegrisbesetningar. Samt lungebetennelse grunna transportsjuke har vore tilfelle nokre stader. Heldigvis finnes det veldig gode vaksiner, så vaksinasjon ved oppstart er aktuelt.
I ordinære helsegrisbesetningar kan det også vere aktuelt å «sanere» mellom puljar. Det gjer underverker med skikkeleg vask med såpe og desinfeksjon. Vask av purker har faktisk også stor effekt, og det tek mindre tid enn du trur.
Godt gjort er bedre enn godt sagt
Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?
Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.