<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1205323429556872&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

Sprøytemiddel til beite

Ved val av sprøytemiddel til beite er det to sentrale spørsmål å ta stilling til: Kva er problemugraset og kor lang sperrefrist for beitedyra kan eg akseptera? Her kjem ei kort oppsummering av verknad og sperrefrist for dei mest aktuelle sprøytemidla til beite.

Av: Turid Fitjar, rådgjevar drøv og plantekultur

Ved breisprøyting av beite utan kløver, evt. ved punktsprøyting i beite, anbefaler me Starane XL eller Tomahawk. Starane XL har svært god til god verknad på høymole og middels verknad på myrtistel, medan Tomahawk har svært god verknad på høymole.

Starane XL og Tomahawk har 7 dagars sperrefrist før beitedyra kan sleppast på att. For å få effekt av sprøytinga må ugraset vera i god vekst, faren for nattefrost må vera over og temperaturen på sprøytetidspunktet må vera over 5 grader for å få effekt av Starane XL og minst 8-10 grader for å få effekt av Tomahawk.

Har du moglegheit til å stenga av beitet i 14 dagar anbefaler me MCPA mot myrtistel og Mekoprop mot høymole. For breiare verknad mot høymole, myrtistel og andre ugrasartar vil ei blanding av MCPA og anten Starane XL eller Mekoprop gi veldig god verknad.

Duplosan Super er eit middel som gir god verknad både mot høymole og tistel, pluss ei rekkje andre ugras. Middelet inneheld tre verkestoff ferdig blanda (MCPA, mekoprop-p og diklorprop-p), noko som er veldig praktisk. Det er 21 dagars sperrefrist for beitedyr etter bruk av dette middelet.  

 

Image from iOS_red

Gratil og Harmony

Ved breisprøyting i beite med kløver er gir Gratil eller Harmony aktuelle middel. Dei gjev god og svært god verknad på høymole, i tillegg til god effekt på ein del andre vanlege ugras. Gratil og Harmony er anbefalt fyrst etter fyrste avbeiting, både fordi gras og kløver kan få ein forbigåande gulning og vekststagnasjon, og fordi ugraset må vera i god vekst og temperaturen over 12 grader på sprøytetidspunktet. Sperrefrist er 7 dagar.

Tiltak mot einstape (bregne) i beite er sprøyting med Gratil når blada er heilt utvaksne, vanlegvis i månadsskiftet juni-juli. Mot lyssiv kan ein sprøyta med MCPA heile sommaren og få god effekt, men det kan vera aktuelt med beitepussing og sprøyting på gjenveksten.

Sprøyt før blomstring

Sprøyting på våren kan vera vanskeleg i praksis, både på grunn av sperrefrist før beiteslepp og fordi ein treng varmt vêr og god vekst for å få effekt av dei kjemiske midlane. God effekt er òg heilt avhengig av ugraset sitt utviklingsstadium. Sprøyt tidlegast på rosettar med 8-10 blad, seinast når blomsterstengelen har begynt og strekkja seg og er 15-20cm. Dette er viktig for å ta knekken på både over- og underjordiske delar av planta.  Det er for seint å sprøyta når ugraset blomstrar. Då er det mekanisk ugraskamp som gjeld for å hindra spreiing av frø.

 

Sjå heile katalogen for plantevern i gras på plantevern.no

 

Ta kontakt for mer informasjon

Relaterte artikler

Spørsmål om fôring, plantekultur, økonomi eller dyrehelse?

Ta kontakt med en av våre dyktige rådgivere.