Våre rådgjevarar i Rogaland registerer at mange mjølkebønder har for lite surfôr i inneverande sesong. Fiskå Mølle har lang erfaring med korleis ein skal få høg mjølkeproduksjon med god fett- og protein-% sjølv om grovfôrtilgangen er redusert.
Av: Kjell-Rune Vik, produktsjef drøv
Bruk av halm
Gitt at halmen er rimeleg så er det ein god idè å tilføre snitta ammoniakkbehandla halm som på førehand er godt utlufta. Gje t.d. 1 til 4 kg per ku per dag avhengig av graden av grovfôrmangel. Ein kan òg bruke snitta ubehandla halm, men hugs at denne fyller opp i vomma utan å gje like mykje mjølk tilbake. Altså at kraftfôrrasjonen blir noko høgare når ein brukar ubehandla halm.
Det er sjølvsagt best å blande halmen inn i surfôret ved hjelp av ein fullfôrmiksar, men om den er snitta kan ein i lausdriftsfjøs tilby appetittfôring av rein halm på deler av fôrbrettet. Det sikrar at kua blir mett, og ein får god drøvtygging og ein god vomfunksjon. Samt god gjødselkonsistens, høg fett-% i mjølka, god beinhelse og ein stabil høg mjølkeproduksjon. Halmfôring kombinerast oftast med TopLac Høg eller Melketopp Høg pluss evt. Proteintilskudd i dei mest halmrike rasjonane for å sikre nok PBV i rasjonen. Snitta halm er også perfekt å tilby som deler av rasjonen til gjeldkyr.
Bruk av fiberrikt kraftfôr
Er halmen dyr eller har dårleg kvalitet, vanskeleg å få tak i eller vanskeleg å få snitta opp, eller om du har båsfjøs, så er fiberrikt kraftfôr eit betre alternativ:
- Roetopp™: Svært negativ PBV (gir redusert urea i mjølka), fiberrik med NDF på 32-33 %, heilt utan stivelse. Dosering opp til 4 kg/ku/dag.
- RoeKjerne™: Endå rikare på fiber med NDF på 42-43 %. Gir ofte høgare fett-% i mjølka, gjerne fleire tideler, spesielt der surfôret er fiberfattig. Negativ PBV. Dosering opp til 4 kg/ku/dag.
- FiberMix™: Positiv PBV, dosering opp til 6 kg/ku/dag. Er tilsett vitamin/mineral. NDF: 30-33%, stivelse: 23-25%
For bønder med to kraftfôrsiloar er derfor Roetopp, RoeKjerne eller FiberMix opplagte val i kombinasjon med hovudkraftfôr frå TopLac-serien, Melketopp-serien eller Kraftfull. Hugs likevel at vomma MÅ ha ei viss mengde fysisk struktur å jobbe med, og at Roetopp, RoeKjerne og FiberMix uansett består av finmalte partiklar som ikkje fører til auka drøvtygging. Unngå også å fôre einsidig med t.d. tredjeslått eller andreslått dersom desse er strukturfattige og «blaute». Du bør streve etter eit minimumsnivå av struktur i rasjonen ved å blande saman grovfôr med ulikt fiberinnhald.
Bønder med 1 kraftfôrsilo til mjølkekyrne kan med fordel kjøpe spesialkraftfôret TopLac Fiber, og gje dette i høgare dose enn i ein normalsituasjon. Resepten er basert på 75% TopLac Høg og 25% Roetopp. PBV20 er justert til +20 g/kg TS. Dette gjer TopLac Fiber til eit prisgunstig kvalitetskraftfôr som kan brukast i svært høge mengder utan at kua får problem med fordøyinga. Og som gjer at du lettare likevel kan ha høg mjølkeproduksjon av tørrstoffrik mjølk frå sunne fruktbare mjølkekyr trass i grovfôrmangel.
Mjølkebønder med fullfôrvogn kan vurdere å auke mengda med kraftfôr i grunnmixen og redusere surfôrmengda slik at daglig energiopptak er ca. uendra, samtidig som vomfunksjonen takast i vare. Her bør ein optimere rasjonen i Optifor for å sikre kontrollen. Fiskå Mølle har eit godt sortiment av gryna kraftfôr tilpassa fortørka surfôr, som reduserer risikoen for sortering på fôrbrettet. Er surfôret fuktigare enn ca. 28% står ein friare til å velje kraftfôr: Pelletert kraftfôr løyser seg ganske raskt opp i mixen, slik at sortering ikkje blir eit problem.
Få tidleg oversikt over grovfôrsituasjonen
Det er sentralt å få tidlegast mogleg oversikt over tørrstoffavlinga av surfôret. Då kan ein mykje tidlegare begynne å legge om fôringa. T.d. at ein sluttar å fôre (alle) dyra med surfôr etter appetitt, skaffar eit fiberrikt kraftfôr og trappar opp den totale kraftfôrbruken. Hugs at det er betre å gje 2 kg ekstra kraftfôr i sju månader enn å gje 7 kg ekstra kraftfôr i to månader.
Våre rådgjevarar hjelper deg
Om du produserer mjølk, har ammekyr eller fôrar fram oksar til slakt er det smart å legge til grunn representative grovfôranalysar for avlinga di. Våre rådgjevarar på drøvtyggarfôr kan hjelpe deg med å få tatt ut slike prøver, og kan hjelpe deg i vurderinga om du har nok grovfôr til din planlagde produksjon, og saman drøfte/legge ein plan for korleis du bør disponere grovfôret, velje beste kraftfôr og tilskotsfôr, og lage fôrplan til din produksjon.