EIGARSKIFTE I NORGES MEST HØGTYTANDE BESETNING

I 2018 overtok Kirsten Marie Lynum garden «Lynum Nordre» frå pappa Frode Lynum i Skogn i Trøndelag.


Kirsten Marie Lynum har jobba aktivt på heimgarden i mange år. Ho har tidlegare tatt master på NMBU i økonomi og ressursforvaltning. Fiskå Fôrum profilerte bruket med dei offensive gardbrukarane der i 2016 og 2017. Fokus var korleis dei går fram for få kyrne til å mjølke så mykje samtidig som dei ivaretek helse og trivsel både på innefôring og på beite (les begge sakene her). 

I magasinet «Buskap 2/2019» ser vi at Kirsten Marie Lynum for året 2018 tronar på toppen av lista av dei mest høgtytande besetninga i landet.

 

Årskyr Fett-% Protein-% Kg kraftfôr/100 kg EKM Kg EKM
91,2 4,17 3,31 26 13,129

 TopLac-kunden har dermed framleis førsteplassen, også om ein ser alle tre listene under eitt!

 

Til Fiskå Fôrum fortel ho at faren, Frode Lynum, framleis er veldig aktivt med i drifta, og at endringa i eigarskapen er mest på papiret. Dei jobbar altså slik som før, og legg til at mjølkeytinga har vore svært god i vinter. Det er knapt med grovfôr igjen etter sommaren 2018, så ho håpar no på ein god sommar som kan fylle opp att siloane.

 

Fiskå Mølle ønsker Kirsten Marie lykke til med slåtten, og den offensive drifta vidare!